Over lang tid har eg følgt med på engasjementet i cruisesaka hos våre kollegaer og samarbeidspartnarar i det andre verdsarvområdet i Aurland/Flåm-området i Sogn.

Gjennom heile valkampperioden frå listenominasjonar til komande invitasjon frå Sjøfartsdirektoratet, har næringsliv og politisk miljø i «Sørområdet» vore svært aktive på fleire nivå og arenaer, mens det i vårt område er veldig stille.

I Aurland kommune hadde fleire av dei politiske partia cruisesaka i partiprogramma sine, altså ønske om å framleis kunne ha cruisetrafikk til Flåm i framtida.

I vår vertskommune fann eg i et par partiprogram nokre vage formuleringar om cruise, men ikkje noko sterkt engasjement for å redde Geiranger som cruisedestinasjon i framtida. Trist!

I Aurland kommune har over lang tid lokalpolitikarar og hamnestell stått fram på rad og rekke og fronta saka. I Flåm har det vore arrangert møter mellom næringsliv, hamnevesen og kommune. Der er samkøyring, samstemmigheit og fellesskap mellom politisk leiing, hamnevesen og næring.

Dei har fått saka opp på høgste nivå i Vestland Fylkeskommune som tek saka på største alvor.

Eg har ikkje funne eller sett noko hos Møre og Romsdal, endå. Stranda kommune og Stranda hamnestell har ikkje invitert til noko ope møte med næringsliv og bygdefolk i Geiranger.

Og kva med media då? Jau, gjennom siste året, og no i valkamp-innspurten spesielt, har der vore fleire innslag om cruisesaka frå og om Flåm på riksdekkande tv-kanalar.

Bl.a. var der på TV2 et langt innslag om korleis næringslivet ville verte ramma ved bortfall av cruise.

I tillegg var der eit langt debattinnslag om for eller imot verdsarv og eller cruise. Sogn Avis har lenge vore tett på med tallause reportasjar og intervju med aktuelle personar.

Kvifor er det så stille og anonymt her hos oss?

Heller ikkje lokalavisene tek saka opp eller undersøker kva som skjer i Flåm. Dette er merkeleg når vi alle veit kor viktig denne saka er for langt fleire enn Geiranger.

Eg berre minner om det mange veit; Geiranger er vesentleg meir sårbar ved et eventuelt bortfall av cruise enn kva Flåm er.

Derfor burde engasjementet frå alle ansvarlege vore langt større her.

For å få til ei fornuftig og framtidsretta løysing for cruisenæringa og desse to små sårbare bygdene må dei to vertskommunane og dei to fylkeskommunane samkøyre all innsats og aktivitet opp mot høgare myndigheiter i Oslo.