«Da æ va liten unge og låg i lita seng, så vesst æ ingen verdens ting om fattigdom og peng», syng Vømmøl. No veit eg rett nok ein del om fattigdom og pengar, men ein ting har Vømmøl rett i: «Det er itj nå som kjæm tå c sjøl»!

Det at vi har ferjer som går, bussar på vegane, desentraliserte tannhelseklinikkar og vidaregåande skular også i distrikta, er eit resultat av politiske val som folkevalde i fylkestinget har teke dei siste åra. Å stå i mot høgresida sin ideologiske og uimotståelege trong til å leggje ned tilbod og tenester for folk på bygda er absolutt ikkje sjølvsagt.

Gjennom dei siste åra har Senterpartiet likevel klart å i stor grad satse på distrikta, sjølv om det også har vore tronge budsjett på vår vakt.

I haust var det val, og no ser det politiske fleirtalet annleis ut. Posisjonen ved Høgre og FRP, og støttehjula Venstre og KRF har gått inn inn for massive kutt, særleg innanfor utdanning i budsjettet for 2024.

Lærarar, elevar og utdanningsforbundet er bekymra for kva kutt på kring 75 millionar kutt i vidaregåande opplæring vil føre til. Utdanningsforbundet forventar stopp i innkjøp av til dømes læremiddel, færre programfag på studiespesialisering, samanslåing av yrkesfagklassar i fellesfag og stengde kantiner og bibliotek. Kutta er udemokratiske og i praksis gir politikarane i Høgre og FRP byråkratiet makta til å velje ut kvar det skal kuttast. Likevel er ein ting sikkert: Dette kjem til å gå utover elevane og ungdommane i fylket.

Eg fryktar også at det i forlenginga av dette budsjettet vil kunne føre til nedlegging av skular, der særleg dei minste skulane våre i Stranda og Tingvoll er mest trua.

Frp og Høgre garanterer nemleg ikkje for distriktsskulane. Det hjelper heller ikkje å ha vidaregåande skular på bygda dersom ein barberer vekk alt av tilbod, slik som posisjonen legg opp til.

Senterpartiet ynskjer å ha gode tenester nær folk i heile Møre og Romsdal. Det fordrar at vi sikrar gode vidaregåande skular, og helsesjukepleiarar, miljøarbeidarar og dyktige lærarar. Senterpartiet har også føreslått 1 million kroner til auka bortebuarstipend i vårt alternative budsjett.

Det å satse på distrikta er ikkje bakstreversk, men tvert om framtidsretta. For kven skal bygge hus og vegar i framtida? Kven skal ta vare på oss når vi blir gamle? Og ikkje minst: Kven skal produsere maten vår og sikre beredskapen vår?

Mykje av verdiskapinga i fylket vårt skjer i distrikta. Mykje av folket vårt bur i distrikta. Møre og Romsdal er eit distriktsfylke. Då treng vi desentraliserte skular i heile fylket.

Det «Itj nå» som kjem av seg sjølv. Ei heller god distriktspolitikk. Det ser ein ikkje mykje av i budsjettet til Høgre og Frp.