Tunnel ved Brusdalsvatnet må komme før tunnel under Romsdalsfjorden for å sikre Møreaksen, skriv avisa på leiarplass. Dette er den smartaste finta eg har sett hittil for å stoppe Møreaksen, så takk igjen.

Ein kunne og tatt med at ferjekaia på Furneset til dei nye elferjene skal rustast opp for millionar og at fleire felt er laga over Ørskogfjellet. Møreaksen trengst ikkje.

Spørsmålet blir og om vi skal kaste elferjene og korfor skal vi ha to vegar over Ørskogfjellet?

Det var mange mil i tunnel mellom Ålesund og Molde før Sunnmørsposten kom på bana med meir tunnel. Ingen trur vel at folk vil bruke livet sitt på å pendle inne i mørket?

Yrkessjåførane som må fram vil ikkje korkje ned eller inn i dei mørke hol. Dei vil ha seg litt mat, kanskje ein dusj om bord i ferja og få godskriven kviletida si før ein lang tur.

Tida er over for gigantprosjekta. Vi treng gode bruksvegar mellom ferjene først.

Det som står for tur er ei gigantisk satsing på gang og sykkelveg i Ålesund, Molde og dei andre byane og tettstadane i fylket vårt. Brøyting og strøing så dei kan brukast året rundt er sjølvsagt. Potensialet er stort for å få folk fram dit dei skal. Folkehelsa snakkar eg ikkje om!

Folk flest skal til skolen, til jobben, på trening, på besøk og på butikken. Dei skal ikkje til nabobyen, så korfor ikkje putte dei store pengane dit folk skal og ikkje i tunnelar?