Eg synest sjølvforsvar og førstehjelp burde vere noko vi lærer i gym! Sjølvforsvar er viktig i tilfelle vi blir kidnappa eller valdtatt. Førstehjelp et viktig slik vi veit kva vi skal gjere om vennen din sett fast noko i halsen eller om dei held på å drukne.

Vi treng ikkje innebandy, kanonball og dødball vidare i livet.

Vi treng ikkje innebandy, kanonball og dødball vidare i livet. Det kjem ikkje til å hjelpe oss eller vere til noko nytte når plutseleg ein dag ligg bestevennen din i vatnet og druknar og du anar ikkje kva du skal gjere.

Det bør vere eit kurs som alle gym lærarar tek, slik dei kan lære vidare til elevane sine som seinare kan lære det vidare til yngre generasjonar.

Sjølv om risikoen for å bli kidnappa i Norge er svært liten, er det framleis ein liten sjanse for å bli det. Det kan også skje dersom ein er på ferie i utlandet.

Eg håpar Utdanningsdirektoratet tek denne saka vidare og får fiksa slik alle elevar får lære korleis ein kan hjelpe andre og beskytte seg sjølv og andre.