I dag er det ein skule i landet som vel å rette søkelyset på denne konflikten. Det er Sykkylven vidaregåande skule, min skule.

Fram til midten av 70-talet hadde Vest-Sahara vore ein del av ein spansk koloni. I 1975 trakk Spania seg ut av territoriet, men dette gjorde Spania utan å legge grunnen for sjølvstende, slik som FN hadde sett krav om. Det saharawiske folket sin draum om sjølvstende gjekk i knus, då marokkanske myndigheiter angreip territoriet med fulle styrker og makt. Dette skjedde i strid med båe menneskerettane og fridommen.

Lokalbefolkninga, saharawiarane, vart tvungen til å legge på flukt frå marokkanske bombeangrep og urett. Dei overlevande slo leir i nabolandet Algerie. Der bur om lag 200.000 saharawiar fortsett i dag.

Etter årevis med konflikt mellom det saharawiske folket og marokkanske myndigheiter vart det oppretta ein våpenkvileavtale i 1991. Ein del av denne avtalen var at det skulle gjennomførast ei folkeavstemming i Vest-Sahara om sjølvbestemming. FN sende fredsstyrkane MINURSO med oppgåve om å overvake våpenkvila og få gjennomført folkeavstemminga. Snart tre tiår seinare har folkeavstemminga enda ikkje funne stad.

Kvar gang situasjonen i Vest-Sahara blir diskutert i FN sitt sikkerheitsråd, vert Marokko forsvara av sine mektige allierte Frankrike.

Vest-Sahara har nokre av verdas rikaste fosfat og fiskeførekomstar. Den gløymde kolonien har også gode moglegheiter for båe olje- og gassfunn. Internasjonalt næringsliv og norsk næringsliv samarbeider med marokkanske myndigheiter i dei okkuperte områda av Vest- Sahara, trass i at EU-domstolen har bestemt at dette skal vere ulovleg. Slik økonomisk støtte er med på å båe legitimere og finansiere okkupasjonen.

I dag er situasjonen at frigjeringsrørsla Polisario har kontroll over om lag 25 prosent av Vest- Sahara. Dette er hovudsakleg ørkenområde som ikkje eignar seg for busetjing. Majoriteten av saharawiane bur i flyktningleirar i Algerie. Dei lengtar no heim, og er avhengig av våre stemmer i konflikten. Flyktningleiren finn stad i ein del av Sahara utan tidlegare infrastruktur.

Om sumaren vert temperaturen over 50 grader og om vinteren kryp temperaturen under frysepunktet. Folket er fullstendig avhengig av internasjonalt humanitær bistand, grunna dei utfordrande forhalda. Diverre har bistanden minska dei siste åra. Dette gir følgjer som under- og feilernæring.

I dag flaumar det over med konfliktar og bilete frå krig andre stadar i verda, liknande denne i Vest-Sahara. Dette er ei gløymd konflikt med eit gløymd folk. Dette er eit folk som fortener verda si mediemerksemd. Dette er eit folk som fortener merksemda di retta mot seg. Dette er eit folk med historie. Dette er menneske. Gløymde menneske, som no fortener di merksemd.