Granskinga gjaldt: «rekvirering av vanedannende legemidler til flere pasienter og utredning av personer med kjønnsinkongruens», skriv tilsynet på nettsidene. «Etter vår vurdering har ikke Pirelli Benestad opptrådt i samsvar med de faglige retningslinjene, og avvikne er såpass store at Helsetilsynet vurderer det som uforsvarlig.» Benestad, som påstår han både er mann og kvinne, har vore pådrivar for den forkvakla kjønnsideologien som no øydelegg barn og unge over heile verda. Han har sjølv fortalt at han har «hjelpt» over 1000 personar, den yngste var visstnok ni år. I statskanalen får påstandane hans om at det finst sju kjønn stå.

Eg har mist tilliten til Store norske leksikon etter at Benestad fekk skrive over tretti uvitskapelege oppslag om kjønn.

Helsetilsynet si avgjerd bør ha konsekvensar for fleire enn Benestad. Sjølv om det har vore mange skandalar i medisinens historie, har vi aldri sett noko liknande som det som fylgjer av teorien om flytande kjønn. Enno anar ein ikkje rekkjevidda av skadane på tusenvis av det som før var friske unge kroppar.

Klinikken i England, Gids, som har hatt ansvaret for slik «behandling», er vedtatt lagt ned på grunn av malpraksis. No er det kome ut ei bok om denne klinikken, «Time to think». Boka dokumenterer at så mange som 97,5 prosent av barna som søkte om å «skifte» kjønn var anten autistiske (35 prosent mot 2 prosent i folkesetnaden elles), var deprimerte, var blitt misbrukte, skadde seg sjølve, hadde eteforstyrringar eller vart mobba. Risikoen for at barna hadde ein registrert seksualbrotsmann som forelder var ti gongar høgare for desse unge enn for andre barn. Og dette er berre litt av det dei unge hadde av bagasje. Klinikken var like ideologidriven som praksisen til Benestad.

Heldigvis har Rikshospitalet fungert som portvaktar i Noreg og spart unge liv. For dette har dei fått massiv kritikk frå transaktivistar. Men Noreg har den mest ekstremistiske lova i verda for endring av juridisk kjønn – vedteken mot Senterpartiet og Kristeleg folkepartis røyster. Så her bør mange granskast. Kvar er stortingsrepresentantane – bortsett frå Jenny Klinge? Og kvar er legestanden? Psykologane? Lærarane? Journalistane? Og kva med å kvitte oss med ministrar som målber denne ideologien? Eller Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som gjer det same? Og få for all del Fri ut av skular og barnehagar!