Fenomenet har fått så mykje omtale og merksemd at myndigheitene prøver å setje inn ein front i mot ved å løyve pengar for å førebyggje og minske problema. Offentleg merksemd og pengar er bra og vil hjelpe ein del. Hensikta er god, men lett er det ikkje.

For rundt om sit folk mykje åleine det meste av tida, ferdige med jobb og det meste av aktivitetar. Få spør om ein kan eller vil bidra med noko. Ektefelle og gamle vener er ofte borte. Med sviktande helse er sertifikatet og vekk.

Så sit der ein far, ei mor, ei bestemor, ein bestefar, ein oldefar, ei oldemor, ein onkel eller ei tante, ja andre og. Sit der i kråa si. Kva tenkjer dei på? Er opptekne av? For dei fleste kretsar mange tankar seg om familien, etterkomarane: Kor har dei det, kvar er dei no, kva gjer dei, er dei i god form m.m.

Høyrde ein gong om ein far som ringde dotterfamilien sin kvar dag. Han budde langt ifrå, var enkemann, einsam og søkte kontakta han hadde bruk for. Litt kritisert vart det, ringe kvar dag?

Men er det slik at det er den eldre generasjon som mest må syte for kontakta? Eg kjenner mange eldre, og det er eit inntrykk som gjer seg gjeldande. Yngre generasjonar er opptekne med arbeid, familie, fritidsaktivitetar, så tida vil knapt strekke til for desse. Det er naturleg. Mykje stress i tida. Nokre kan og vere leie seg for ting som har skjedd ein gong i tida og vil ikkje gløyme eller ta kontakt. Det er oftast feil.

Uansett, det kostar ikkje så mykje å gi eit livsteikn gjennom ei melding, ein telefonsamtale, ein snap eller kanskje eit aldri så lite besøk. Personleg får vi ofte snappar og set mykje pris på det. Slike små kontaktpunkt ville minske både einsemd og opplevinga av at ingen bryr seg lenger.

Her meiner eg at familien har eit ansvar. Det skal ikkje så mykje til alltid, berre vise at alle er til, bry seg litt, fortelje litt om seg og sitt. Då får ein noko nytt å tenkje på der ein sit i kråa si. Det er og viktig å hugse på at arbeids- og offerviljen har oftast vore til stades for etterkomarane. Dessert – og curling – og andre typar generasjonar har hatt det ganske bra i lang tid. I kjærleik har det vakse fram, så lat oss ikkje gløyme forfedrane. Det er god eldreomsorg.