Pensjonistforbundet Møre og Romsdal ser med uro på informasjon frå Fylkestinget i Møre og Romsdal om nedskjeringar i midlane til TT-ordninga. Nedskjeringane er på 5 millionar kroner 2024, og har mellom anna som resultat at ingen nye brukarar får tildelt midlar i år. Full effekt av nedskjeringane vil først kome i 2025, men ein vil merke det i år også, ved at dei som alt er registrerte som mottakarar av TT-kort vil få redusert tilskot.

Pensjonistforbundet er kjend med at det til dels har vore eit underforbruk av desse midlane, det vil seie at dei som får tildelt TT-kort ikkje nyttar seg av dei fullt ut. Spørsmålet som melder seg er då kvifor er det slik. Er informasjonen om ordninga og bruken av den god nok? Det er kommunane som tildeler og organiserer dette. Korleis vert informasjonen formidla?

I 2023 kom stortingsmeldinga «Bo trygt hjemme, lenger», som ei oppfølging til «Leve heile livet». Alle vil gjerne bu heime lengst mogleg, og vil ha det så trygt som råd er. Korleis samsvarar dette med nedskjeringar av ordningar som er med på å sikre denne tryggleiken? Mange eldre blir mindre mobile etter kvart, og då er ordningar som til dømes TT-kort viktig, og ei slik endring vil ramme dei med dårlegast råd hardast.

Pensjonistforbundet Møre og Romsdal oppmodar fylkestinget til å sjå på denne saka igjen, og vil følgje den opp gjennom Eldreråda i fylket og i kommunen