Nyleg var det store demonstrasjonar utanfor Stortinget som omhandla nedbygging av føde/barsels-tilbodet i Norge. Dette har ført til at mange kvinner har fått mykje lengre reiseveg i samband med fødsel.

FHI har i 2020 sett på om lang reiseveg til fødeinstitusjon gjev uheldige konsekvensar ift. fødselshjelp. Der kom det fram at dette gir auka risiko for tidleg fødsel og transportfødslar.

Helse Møre og Romsdal har foreslått å stenge ei velfungerande gyn/føde/barsel-avdeling i Volda i 5 veker i sommar. Målet er økonomisk gevinst, utan at noko reknestykke er presentert.

Ny infrastruktur på Søre Sunnmøre har gjeve auka tilstrøyming til Volda sjukehus dei siste åra, innanfor alle fagfelt inkludert gynekologi/føde. Forslaget om sommarstenging vil føre til uakseptabel reiseveg for mange kvinner på Søre Sunnmøre/Nordfjord.

I tillegg vil dette truleg legge beslag på ambulansetenestene, når følgeteneste vert påkravt. Dette kan lett få konsekvensar for totalberedskap i vårt område.

Aktiviteten ved ei gyn-/fødeavdeling er ikkje berre avgrensa til fødslar, men omfattar også poliklinikk, kontakt med bekymra gravide, ultralydundersøking i veke 13 og 18, akutte gyn.pasientar, oppfølging av gyn.pasientar osv. Er der så stor kapasitet ved Ålesund sjukehus at dei kan ta alle fødslar og andre førespurnader frå Volda i ei periode når dei sjølve skal avvikle ferie.

Sommaren 2007 var fødeavdelinga i Volda sommarstengt. Evalueringa i etterkant var – kort summert opp: Mykje uro og unødig bekymring både for personell og gravide. I tillegg lite innsparing. Helseføretaket blei i etterkant sterkt frårådd å gjenta dette.

I tillegg vil det bli auka kostnad i samband med følgeteneste, som ikkje var med i berekningane i 2007. I lys av dette finn vi grunn til å stille spørsmål ved motiva bak den føreslåtte endringa.

Slik vi ser det er lite som tilseier at resultatet av eit slikt vedtak skal bli noko annleis sommaren 2023.

Vi og mange rundt oss kjem til å følge denne saka tett.