For Senterpartiet er det viktig at alle i kommunen vår skal få bu slik dei sjølve ønsker.

Økonomi og prioritering hos den enkelte vil sjølvsagt påverke valet, men kommunen skal sørge for at enkeltpersonar og utbyggarar har areal det kan byggast på.

Ønsker du å bygge og bu i Haram har vi ledig areal. Det er både kommunale og private reguleringsplanar som er godkjente. Senterpartiet vil ha ei rask og rimeleg saksbehandling.

Vi vil også ha fortetting i dei ulike bygdesentera våre, vi veit at det er fleire som ønsker å bu i moderne, gjerne mindre leilegheiter, og det skal vi legge til rette for. Om vaksne eller eldre vel å flytte frå einebustader til leilegheiter vil det og frigjere hus som er attraktive for barnefamiliar. I programmet vårt har vi sagt at Brattvåg, Vatne/Tennfjord og Søvik er særleg egna for dette, men om det kjem initiativ frå andre stader vil vi sjølvsagt vere positiv til det.

For mange er det ein draum å bu på eit småbruk, eller ein stad der det er god plass og naturen er tett på. Slike stader er det mange av i kommunen vår og Senterpartiet vil at det skal bli enklare å skilje ut hus og tomter frå bruk der det ikkje er aktiv drift.

Kommunen har fleire bygningar som ikkje er i bruk, det gamle kommunehuset og den gamle sjukeheimen i Brattvåg er bygningsmasse som er til sals. Dette er areal som snarast må utnyttast til nye formål, og vi vil ha fortgang i desse sakene så snart vi er i gang med ny kommune.

Nordøyvegen har endra kommunen vår, no må vi følge opp og gjere det attraktivt å bygge og bu på øyane. Det meste av arealet er i privat eige, ein del er regulert til bustad. Vi vil lage ein strategi for bulyst og ha ein tomteportal som viser alle regulerte tomteareal, både kommunale og private. Vi vil ha lys og folk i alle grender, og vi vil fjerne eigedomsskatten så snart det er økonomisk forsvarleg.