Ekstra sårt var det for meg som tidlegare lokalpolitikar i KrF at deira stemmer på Stortinget gjorde at det vart tvangssamanslåing, stikk i strid med det Steinar Reiten på Mørebanken for KrF lovde under besøk her i Haram!

Med ei ny regjering har det no opna seg ei moglegheit for å kome seg ut av tvangstrøya. Vi har lovnader frå regjeringa om at ei folkeavstemming med fleirtal for lausriving vil vege tungt. Dei har også lova å dekke kostnad ved ei reversering. Eg forventar at kommunestyret i Ålesund tek omsyn til resultatet av ei folkeavrøysting i Haram med fleirtal for lausriving frå Ålesund.

Eg har vore så heldig å ha fått blitt godt kjend med folk i nesten kvar ein krok på Haram fastland og i 2020 også på Fjørtofta. Dette gjennom mine nesten 50 år på vegen som landpostbod. Eg var med i lokalpolitikken som 27-åring frå 1979 og i nesten 20 år. Ei flott tid med fin blanding av unge og eldre, kvinner og menn. Då gjorde vi oss kjent på øyane også. Det har vore ei stor glede å få sjå all utbygging som vi fekk vere med på som unge og nysgjerrige lokalpolitikarar både på øyane og fastlandet. Haram kommune hadde i alle år dyktige ordførarar, rådmenn og administrasjon. Næringslivet og kommunen arbeidde godt i lag og fekk til gode ordningar med praktiske fag på Haram vidaregåande skule m.a. og lærlingplassar i bedriftene.

Dette var tida i «gamle» Haram. Trur det for ungdomen i dag kan vere godt å også ha med litt av «bakteppet». Det ligg att mykje godt utført arbeid i gamle Haram. Dette føler vi no smuldrar bort etter to år i nye Ålesund. Tenkjer då særleg på nedbemanning i skule og helsesektor, samt stadig nye store gebyr (byggesaker) og ikkje minst fleire milliardar til kloakk og vatn i Ålesund som skal betalast av alle! Som tidlegare rådmann Turid Hanken uttalte i Nordre, trur eg også at Haram vil bli ei god og velfungerande kommune åleine.

Det ligg att mykje godt utført arbeid i gamle Haram. Dette føler vi no smuldrar bort etter to år i nye Ålesund

Ser at både redaksjon i Nordre og Bygdebladet er skeptiske til lausriving m.a., med tanke på realisering av Hamnsundsambandet. Før opninga av Ellingsøytunellen og Valderøytunellen i 1987 fekk vi frå Haram formannskap og næringslaga vere med ein buss (Øvrevoll?) på humpande veg ned i «djupet». Då vart vi orientert om krysset til Hamnsundsambandet. Slik gjekk det ikkje, det vart Giskebrua og Godøytunnelen i 1989 …

Hamnsundsambandet vil vere endå meir aktuelt i dag. Trur at også Ålesund vil ha god nytte av det for å korte ned køyretida til sin nordlegaste bydel i gamle Sandøy kommune. Mi kontakt med innbyggarane både på Nordøyane og fastlandet gjer at eg ser svært optimistisk på ei ny framtid for Haram kommune!

For å ære både «ungdom» og «eldre menn» som det blir harselert med i enkelte avisinnlegg og sist no Sunnmøre LIVE!, der Svein Harsjøen hevdar det er «gamle menn med uriktige opplysningar som vil ut av Ålesund »

Stor takk og ros til Lisa Alvestad (Sp) som har stått på for «Haram ut av Ålesund» i Ålesund kommunestyre.

Stor takk og ros til «ung eldre mann» Harald Nordang i «Haram ut av Ålesund» for din store innsats for lausrivinga!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!