Fram til no har eg vert stolt produsent av Tine melk, «kanskje verdens fineste melk» seiast det i reklamen.

Og eg min tosk, eg har nikka og smilt, og gått i fjøsen dag og natt og vert stolt over jobben eg gjer og stolt over at alle produkt i butikken med melk og merket Nyt Norge har vert laga av stolte norske bønder!

Well, those days are over!

No, no har Tine etter å ha gambla i årevis på at bonden er ein stolt tosk, som alltid vil produsere det han får beskjed om når beskjeden kjem feila.

Dei har ignorert den økonomiske situasjonen til eigarane av Tine altfor lenge. For dessverre er det slik at vi som eig Tine har blitt behandla som trælar, og det verste av alt, vi har latt oss bli det, utan protestar. Vi har bukka og nikka og tatt til takke med dei få ørene i auka målpris.

I 1991 fekk vi her på garden ca. 5,50 kr pr. liter melk, i 2023 var målprisen på same garden 6,24 pr. liter melk. Altså på 32 år har vi oppnådd ei verdiauke på under 1 krone!

Vi har ikkje protestert, vi har nikka og krumma nakken og tenkt på konsernet vårt, tenkt på kor viktig det er med volum, vi må for all del ikkje misse volumsalet vårt!

Så kom bondeopprøret, vi vart gjort obs på at det var ikkje berre her på garden vi følte på manglande lønnsemd, det var over heile landet.

Alle mjølkeprodusentar følte seg makteslause og såg korleis kostnadane steig og inntekta sto stille, og vi begynte å rope varsku til Tine over situasjonen til norske stolte Tine-eigarar.

Men vi har ropt til ingen nytte. Ingen av dei med sentrale verv i Tine har lytta til oss, vi har blitt ignorert, berre fått bortforklaringar om at skal vi ha meir pengar sluttar kunden å handle og vi misser volum.

Og no, no ser vi dessverre konsekvensane av manglande forståing.

Tine har for lite melk, vi har mista volum som frykta, men heilt feil volum. VI har mista mjølkeprodusentar, ikkje kundar som kjøper produkta. Det vi på fjøsgolvet har prøvd å gi beskjed om har skjedd, volumet stuper og no er vi der at vi har for lite melk!

Ein skulle jo tru at i ein slik situasjon ville Tine auke prisen til bonden for å stimulere til meir produksjon, men nei då, det er ikkje aktuelt. Løysinga for Tine er å satse på import! Vi skal importere mjølkepulver, stappe det inne norske produkt med Nyt Norge-logo på! Vi skal rasere ei merkevare og atter ein gang er det bonden som sit igjen med svarteper, vel og merke den norske bonden. Den tyske kan køyre på og produsere med han vil for her i landet vil det med denne utviklinga snart berre vere utanlandsk melk.

Får sikkert lov å ha på nyt Norge på dei produkta også, for det er visst ikkje så nøye kvar råvare kjem frå lenger, så lenge Tine konsernet går i pluss.

PS! Ikkje kom og skyld på sommaren som årsak, var verre i 2018 og då vart det overproduksjon med melk.