Kvifor skal han ut? Ifølge UNE har han gitt usanne opplysningar om seg sjølv. Han hevda han var 16 år da han kom til Norge. UNE hevdar han sannsynleg var 19 år. Alt her gjer UNE eit trekk som strir mot elementær logikk: Er det sannsynleg at Kassembo var 19 år i 2004, er det, konkluderer dei, sant at han var 19 år den gongen.

I mellomalderen fanst eit gudsbevis, ab posse ad esse: Da det er mogleg at Gud eksisterer, følgjer det at Gud faktisk eksisterer. Det trengst ikkje stor intellektuell kapasitet for å sjå at slutninga er ugyldig. Men det er slik UNE argumenterer. Eg trur ikkje at tenkeevna i UNE er så dårleg som argumentet tyder på. Derimot har eg ein sterk mistanke om at maktposisjonen UNE har, gir god grobotn for maktarroganse.

At påstanden hans om eigen alder er avvist som usann, er basert på gransking av bein. Etter det eg skjønar, er metoden nokså usikker.

Det Kassembo elles har fortalt om seg sjølv, er òg blitt avvist som løgn. Motivet hans for flukt var informasjon han fekk i skoletida om at far, mor og søster hans var blitt drepne i heimen. Han var såleis i livsfare. Avvisinga av dette er ikkje basert på empirisk gransking, men ser derimot ut til å kvile på følgjande argumentasjonsstrategi: Lyg han om alderen sin, må alt anna han seier om seg, også vere løgn.

Språket hans, swahili, viste òg ifølgje. UNE at han ikkje kom frå Burundi. Afrika er eit lappeteppe av stammar og språk på tvers av nasjonsgrenser. Det finst språklege minoritetar i Burundi, m.a. der Kassembo vaks opp. – Ei samanlikning: Ein skal avgjere om NN er samisk, og konstaterer at han ikkje snakkar nordsamisk. Følgjeleg er ikkje NN same. Men det finst fleire samiske språk her i landet. Som norsk statsborgar vonar eg politiet gjer skikkeleg empirisk arbeid når brotsverk skal oppklarast. Utan dét er vilkåra for elementær rettstryggleik alvorleg svekka. Skal UNE representere ein rettsstat, følgjer det visse krav til bevis.

Nyleg fekk Kassembo identifikasjonspapir frå Burundi sin ambassade i Berlin. Dei stadfeste at han kom frå Burundi. Det UNE har hevda, har altså heile tida vore feil. Kassembo har snakka sant heile tida. At han skal utvisast, er grunngitt med at han laug da han søkte asyl. Instansen som snakkar usant, er difor UNE. Det logisk påfallande resonnementet ser ut til å vere dette: Kassembo snakkar sant. Difor lyg han. Dette er eit paradedøme på sjølvmotseiing. Sjølvmotseiingar er nødvendig usanne. Difor grunngir UNE framferda si ved hjelp av ei usann meiningsløyse. Kven er det som lyg?