Eg er ganske interessert i politikk, og følgjer framleis med på alt som skjer i lokalpolitikken. Etter fleire periodar i Sula kommunestyre, er det vanskeleg å ikkje bry seg om dei viktige sakene.

Når eg lar meg rive med, er det fordi eg har lest og sett meg inn i hovudtrekka i sakene. Det er riktig at eg ikkje har lest alle høyringane om gondolen slik dei ligg føre. Men samandrag og essensen i viktige merknader har eg fått med meg, likeins de faglege utgreiingane. Eg kjenner også til høgsterettsdomen for gondolen på Voss, som slår fast grunneigarane sine rettar om erstatning. Desse rettane vert det tatt omsyn til i Sulagondolen. At Mostrøm meiner at eg ikkje kan nok til å uttale meg, får så vere.

At Sula kommunestyre er vedtaksorgan i gondolsaka kan det vel ikkje vere tvil om? Men at Statsforvaltaren som høyringsinstans har ei viktig rolle er også rett, for Statsforvaltaren kan klage vedtaket inn for departementet (eller SF kan la vere å klage).

Så vidt eg hugsar gjorde til dømes Sula kommunestyre vedtak på tvers av Fylkesmannen (Statsforvaltarens namn den gong) sine motsegner om reglar for naust i kommunen. Fylkesmannen klaga vedtaket inn for departementet, som gav Sula kommune delvis medhald.

Om eg ikkje er einig i dei store nausta, går eg gjerne på barrikadane for at Sula sjølv skal få bestemme. Bør det vere slik at statlege tilsette, utan folkevald medverknad, skal kunne overprøve eit fleirtalsvedtak gjort av eit kommunestyre med naudsynt kompetanse?

Eg er forundra over at fleire på Sula ser ut for å ønskje seg meir statleg styring og mindre lokalt sjølvstyre. Eg kjenner meg ikkje igjen i slike haldningar. Det er noko nytt. Kva med det kommunalpolitiske engasjement då? Kva med interessa for val og lokalpolitikk?

Eg har lest ein del om sakshandsaminga for gondolen på Åndalsnes. Motsegnene frå Statsforvaltaren, Fylkeskommunen, og elles private, er mykje dei same som i Sula. Men gondolen vart som kjent vedteke og reguleringsplanen vart ikkje klaga vidare til departementet. Men vedtaket i kommunestyret vart til slutt påklaga frå private. Dei fekk ikkje medhald av Statsforvaltaren. I grunngjevinga finn vi uttrykk som «.. ligger innenfor kommunens frie skjønn» og videre «fylkesmannen skal legge stor vekt på hensynet til det lokale selvstyret i prøvingen av slike saker». Det er musikk i mine øyrer. Eg har trua på ein fornuftig statsforvaltar, som gjennom sine innspel undervegs berre gjer reguleringsplanen betre. Må gondolsaka på Sula ende like bra som på Åndalsnes, etter at den no har gått rundane med høyringar.