Kunne krigen i Ukraina blitt unngått ved at Ukraina og Nato gav ein garanti på at landet ikkje skulle bli Nato-medlem? Stå nøytralt, religionsfritt — ein buffer mellom maktene. Om leiinga i Kreml fryktar Nato, demokrati eller begge delar, so er det deira trusseloppleving som er avgjerande for dei. At Russland var i gang med styrkeoppbygging for krig, kunne vere for å vise makt og at dei ikkje venta anna enn nei på ultimatumet sitt. Og med det vidareføre reelle, langsiktige planar.

So har krigen vart i fem veker og igjen ser ein den nesten umoglege oppgåva det er i vinne eit land på sikt, der folkets kampvilje står imot. I alle fall utan store lidingar for folket. Det er vanskeleg å sjå korleis den stormaktsgale Putin skal finne ein veg ut av dette. Dei fleste ekspertar trur ikkje at han vil gå til storkrig på grunn av konsekvensane. Det får vi håpe og tru. Han treng ikkje å ha andre ambisjonar ut over Ukraina. Men ting kan lett eskalere når krigen ikkje går som venta og maktkjernen i Kreml kjenner seg trengt opp i eit hjørne. Og mange har feiltolka Putin so langt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!