7. januar i år sette Porsgrunn raud beredskap, det er den høgste beredskapen vi har og alle ressursar vart kalla inn. Årsaka var ikkje angrep frå framande makter, men straumbrot der snø og kulde gjorde situasjonen svært alvorleg. Feilen på el-kablane vart retta og krisa avblåst, men slikt vil skje igjen.

Elektrifiseringa har gjort oss ekstremt sårbare. Viss eit straumbrot varer over fleire dagar når det er svært kaldt, blir det krise. Vi har snart fasa ut alle oljefyranlegg i landet og erstatta desse med elektrisitet. Dermed står vi nesten heilt utan alternative varmekjelder i bustadane.

Dersom heimesjukepleiarane ikkje får lada bilane sine, heisene står og mobilane er lada ut, kan liv gå tapt. I løpet av den første veka etter nyttår fekk Skien sjukehus inn sju eldre. Fellesnemnaren var at dei var nedkjølte. Ikkje alle eldre klarer å skru opp varmen i bustadane sine sjølve.

Etter Parisavtalen skal alle land melde inn nye eller oppdaterte utsleppsmål kvart femte år. Norge sitt klimamål er å redusere utslepp med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent innan 2030 samanlikna med 1990-nivået.

I 2015 bestemte bystyret i Oslo at bussparken skulle ha nullutslepp innan 2028. Er hovudstaden «ein stat i staten» som kan ha andre krav enn dei som gjeld i resten av landet? I dag er det 375 elbussar i Oslo. I kuldeperioden etter nyttår vart meir enn 1000 bussavgangar i Oslo innstilte og i tillegg fekk heimesjukepleiarane store problem med å nå ut til pasientane sine.

Dei gamle dieselbussane burde blitt skifta ut med nye dieselbussar som har så lave utslepp at dei er godt innafor krava. Då kunne bussane vore i rute både gjennom kuldeperioden og ved straumbrot. Overgang til ein bilpark med sterkt reduserte utslepp ville også redusert presset på straumnettet og styrka beredskapen.

Politikarane kan verken styre vêret eller dei fysiske lovene. Vi ser at det å satse absolutt alt på berre ei energikjelde er både kostbart og farleg.

Vil elnettet tole å bli påført stadig meir last, eller vil det til slutt kollapse? Nullutslepps-vedtaket i Oslo er eit fullskala eksperiment som vi ikkje kjenner konsekvensane av, og som kan føre til total krise i hovudstaden ved eit større straumbrot.