Stadig færre brukar stemmeretten. Særleg til kommunevalet er det labre tilstandar. På landsbasis sokk valdeltakinga i 8 av 10 kommunar i 2015 samanlikna med 2011, og landa samla sett på 60 prosent. I Ørsta, mi heimkommune, var valoppslutninga på berre 57 prosent. Det betyr at 43 prosent ikkje brukte stemmeretten sin. 43 prosent! Det er veldig mange ubrukte stemmer.

Eg kan ikkje tru at alle desse er likegyldige til bygda dei bur i. Så kva med å ta opp hansken og ta ein tur til vallokalet i år? Og nemn det til naboen i same slengen? Det er mogleg å «tidlegrøyste» i alle kommunar allereie frå 1. juli, om du ikkje har høve seinare, og den ordinære førehandsrøystinga opnar 12. august.

Det som skjer i kommunen, påverkar kvardagen vår, på alle område. Heile livet lever vi i ein kommune. Det handlar om skule, helse, miljøvern, sentralisering eller desentralisering, kultur, næring, vegar og asfalt og utruleg mykje meir. Kva skal vi satse på, og kva må vi kutte? Treng vi fleire tilsette på sjukeheimen? Kvar skal den nye barnehagen liggje? Det er den gamle klisjeen som gjeld: brukar du ikkje stemma di, kan du ikkje klage etterpå.

Barn og unge under 18 har ikkje stemmerett. Dei er avhengige av at vi som har det, brukar stemmeretten vår for dei. Alle barn treng ein god oppvekst. Vi i SV vil arbeide for det gjennom t.d. tiltak mot fattigdom, rimelegare SFO og fritidstilbod, og nok tilsette i barnehage og skule. Andre parti har andre svar. Og så er det også ungdommen som skal arve jorda, og som er mest uroa over klimakrisa. Bruk stemma di for dei unge!

Kvinner er underrepresentert i lokalpolitikken. Dårleg kjønnsbalanse gjer at kvinner ikkje vert høyrde i like stor grad som menn. I vårt fylke er Hareid (52 prosent kvinner), Molde, Rindal, Surnadal og Smøla (47-49 prosent) heiderlege unntak, medan storparten av kommunestyra har mellom 30-40 prosent kvinner. Nokre er heilt nede på 26-29 prosent. Vi kan betre. Bruk stemma di til å stemme inn dyktige kvinner!

Å bruke stemmeretten er å seie ifrå om det du meiner er viktigast - kva enn det måtte vere - og bidra til å setje makt bak nettopp det. Det betyr noko, heilt lokalt. Kva parti ligg tettast opp til dine prioriteringar og ynskjer for lokalsamfunnet? Skaff deg valprogramma frå ulike parti om du er i tvil.

Kommunestyret er til for å ta avgjersler for alle i kommunen. Det er vanskeleg utan å vite kva folk ynskjer. Aukar vi valdeltakinga, styrkjer vi folkestyret.

Du som har stemmerett, bruk han. Fordi du kan!

Marit Aklestad1.-kandidat Ørsta SV og 5.-kandidat Møre og Romsdal SV

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Marit Aklestad, 1.-kandidat Ørsta SV og 5.-kandidat Møre og Romsdal SV. Foto: Michael Storebø