Lesarinnlegg:

«Ålesund skal vere ein kommune for både ålesundere og ålesundarar»

Språkdebatt: Nye Ålesund kommune har eit kulturelt og språkleg ansvar for å ta vare på nynorsken, mener Eva Vinje Aurdal.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Ytring

Stortinget har vedteke å slå saman kommunene Ørskog, Skodje, Haram, Sandøy og Ålesund frå 1. januar 2020. Spørsmålet om målforma til den nye kommunen er for tida eit stort diskusjonstema.

Intensjonsavtalen som sist blei signert i juni 2017 seier at Ålesund kommune skal ha nynorsk som målform.



Nabokommunane til Ålesund var eintydige og stemte alle for nynorsk.

Mange lurer på kva dette betyr for dei som brukar bokmål som skriftspråk i dag.

I folk sitt kvardagsliv vil det ikkje vere stor forskjell. Dersom ein skriv til kommunen på bokmål, vil ein få svar på bokmål.

Alle som skriv til kommunen skal få svar på same målform. Det er god skikk og bruk. Skolane i kommunen vil halde fram med den målforma dei har i dag.

Og dei som jobbar i kommunen kan bruke bokmål i sitt daglege arbeid, for eksempel i referat, notat, rapportar og i all hovudsak i skriv til innbyggarane.

Det viktigaste med målvedtaket har mest å bety for statlege organ. At alle førespurnader frå statlege organ til Ålesund kommune skal vere på nynorsk, er ikkje noko den enkelte innbyggar vil merke eller måtte halde seg til. Men at kommunens offisielle profil; Nettsidene, informasjonsmateriell, reglement og annonsering blir på nynorsk – krev at innbyggarane kan lese og forstå nynorsk.

Ålesund er regionsenteret på Sunnmøre. Møre og Romsdal fylkeskommune og Helse Møre og Romsdal har valt nynorsk, og Destinasjonsselskapet for Ålesund og Sunnmøre har nyleg gått over til å bruke nynorsk.


Medan bokmål er det dominerande skriftspråket i dagens Ålesund, er det mest nynorsk som vert brukt i Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy og i dei andre nabokommunane rundt oss.

Nynorsk er ein viktig del av identiteten til nordvestlendingen. Ålesundarar er også nordvestlendingar. Det er ei viktig målsetting å binde vår region enda tettare saman politisk, geografisk og kulturelt. Då er ikkje språket vi kommuniserer med uvesentleg. Derfor er det viktig at begge målformer skal vere synlege i Ålesund. Ålesund skal vere ein kommune både for ålesundere og ålesundarar. Språkleg mangfald og fridom er ein verdi.


Nye Ålesund kommune har eit kulturelt og språkleg ansvar for å ta vare på nynorsken. Målet er likestilling mellom dei to skriftspråka. Språknøytralitet varetar ikkje dette. Vi ser i dag at nynorsken er eit mindretalsmål som stadig taper i presset frå bokmålet. Nynorsken skal ikkje berre vere valfridom på papiret, men reell.

Leserinnlegg om språk i Ålesund kommune:

«Nynorsk arroganse»


Språk er makt, seiast det. Kvar motviljen til nynorsken frå mange bokmålsbrukarar kjem frå kan ein undre seg over. Nynorsken vil aldri vere ein trussel mot bokmål og bokmålsbrukarar. Innbyggarane vil i liten grad oppleve endringar i sin praktiske kvardag.


Spør en politiker:

Ti spørsmål og svar om nye Ålesund

Blir det ishall i Ålesund og hvem vi kjempe for ytre bydel? Dette er to av ti spørsmål vi har bedt listetoppene i nye Ålesund om å svare på.

Ved at nye Ålesund no kan bli Norges største nynorskkommune kan vi vise respekt for intensjonane som har lagt til grunn for samarbeidet med nabokommunene våre. Vi marknadsfører at nye Ålesund ser på mangfald som verdifullt. Utvikling av mangfald handlar i stor grad om korleis fleirtalet møter mindretalet. Slik bygger vi attraktivitet. Og slik kan vi bygge den felles identiteten som nye Ålesund og regionen vår treng for å lykkast i framtida.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!