Lesarinnlegg:

Kva vil det koste å utgreie Romsdalsaksen?

Kva er kostnaden? For å samanlikne Romsdalsaksen og Møreaksen har Ivar B. Roald sendt spørsmål til Statens vegvesenet om kor mykje pengar dei har brukt på utgreiinga av Møreaksen. Illustrasjon: Statens vegvesen 

Ytring

Det har virra med tal for kva kostnadane vil bli om Statens vegvesen skal kome med ei tilleggsutgreiing om Romsdalsaksen, eg har sett at fylkespolitikarar har brukt talet 750 millionar kroner.

For å samanlikne Romsdalsaksen og Møreaksen sende eg derfor spørsmål til Statens vegvesenet om kor mykje pengar dei har brukt på utgreiinga av Møreaksen.


Sve raser mot utredning

– Pinlig og useriøst av Vegvesenet

– Statens vegvesen har null troverdighet i denne saken. At de nå på en måned skal utrede prisen på Romsdalsaksen er pinlig og useriøst, mener Frps Frank Sve.

Prosjektleiar Harald I. Johnsen sende meg tala Statens vegvesen har brukt.

Som ein ser har Statens vegvesen brukt 221,1 millionar kroner til utgreiing av Møreaksen, det meste av denne summen er forprosjekt undersjøisk tunnel 173,5 millionar kroner.


Vegvesenet: Skal se på Romsdalsaksen

Statens vegvesen skal vurdere om Romsdalsaksen eller et høyfrekvent fergetilbud gir økt nytte eller lavere kostnad for E39 mellom Ålesund og Molde.

Kan nokon i fylkestinget forklare kvifor ei utgreiing av Romsdalsaksen vil bli meir enn tre gonger så dyr som utgreiinga av Møreaksen?

Påløpt kostnader:

E39 Romsdalsfjorden (Julsundbrua): 11,2 millionar kroner.

E39 Romsdalsfjorden – forprosjekt undersjøisk tunnel: 173,5 millionar kroner.

E39 Romsdalsfjorden – reg.plan Vik-Julbøen: 37,4 millionar kroner.

Totalsum: 222,1 millionar kroner.


Vegvesenet: Skal se på Romsdalsaksen

Statens vegvesen skal vurdere om Romsdalsaksen eller et høyfrekvent fergetilbud gir økt nytte eller lavere kostnad for E39 mellom Ålesund og Molde.

Dette er altså frå sjølve fjordkryssinga (Vik – Julbøen) frå og med 2015. Det er her det aller meste av kostnader er brukt – spesielt de store undersøkingane for tunnelen under Romsdalsfjorden.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!