«Propaganda og triste livsoppgåver»

Gir ros til ordføraren: Det er fint at vi har ein ordførar i Ålesund som vågar å stå ved avtalar sjølv om ho var av ei anna meining, meiner Aud Farstad.  Foto: Staale Wattø

Leserinnlegg

Det er fint at vi har ein ordførar i Ålesund som vågar å stå ved avtalar sjølv om ho var av ei anna meining.

Det er fint at innbyggjargranskinga viste at folk i Ålesund er lang meir språkleg tolerante enn frykta. Det er godt at nokon har mot og rettferdssans som Egil Røssaak.


Det er flott at leiaren i NHO, Torill Ytreberg, skriv kronikk på nynorsk om næringslivet.

Det er oppløftande at den nye daglege leiaren for The North West, Gjermund K. Langset, skriv engasjert om framtida for regionen – og gjer det på nynorsk. Det er ikkje hans skuld at organisasjonen hans har eit tullete namn.

Det er fint å høyre frå lærarar at barn og unge ikkje lenger har det nynorskhatet som eg vaks opp med.


Formannskapet sa ja til nynorsk i nye Ålesund:

Språkplan skal lage kjøreregler

Nye Ålesund skal være en nynorskkommune, men en språkbruksplan skal avgjøre hvordan dette skal gjennomføres i praksis.

Det er godt å ha dette i ryggen når det røyner på tolmodet med innlegga frå bokmålslobbyen.

Det er vanskeleg å halde fram med å vere sakleg når motstanden anten er skrive med rabiat uterøyst, med hysterisk raseri, med open forakt for nynorsken eller når ein gjentek og gjentek «fakta» som er tilbakevist opp att og opp att. Slik framferd vert elles kalla propaganda.

Som til dømes dette med «tvang». Intensjonsavtalen mellom kommunane er vedteke på demokratisk vis i dei respektive kommunestyra, til og med to gonger. Dersom dette er tvang, så er alle demokratiske vedtak ein ikkje likar, tvang.


Leserinnlegg

Historien om nynorsk

Også nynorskmotstandarar som Monica Molvær og Hans Kjetil Knudsen har røysta for intensjonsavtalen. Dersom dei har røysta med den baktanken at dette skulle dei ta opp att ved første høve, så seier det meir om dei enn om demokratiet.

Kristian Almås har peika på at det gjev langt større meining å skrive om tvang når det gjeld Haram, som vart tvinga av Stortinget til å gå inn i fusjonen. Der var det både folkeleg og politisk fleirtal mot.

Likevel arbeider dei vidare på demokratisk vis. Eg minner om at det berre var Ålesund som stilte med bygdeliste ved dette valet.

Ein politikar skildra haldninga hjå mange i Ålesund andsynes dei andre kommunane slik: «Vi vil ha tomtene deia, men ikkje dem».


Formannskapet sa ja til nynorsk i nye Ålesund:

Språkplan skal lage kjøreregler

Nye Ålesund skal være en nynorskkommune, men en språkbruksplan skal avgjøre hvordan dette skal gjennomføres i praksis.

No er det klart at hovudadministrasjonen skal ligge i gamle Ålesund, at kommunen skal heite Ålesund (trass i at dette er det minst tradisjonsrike namnet), og at kommunen skal ha byvåpenet til Ålesund. Dette er likevel ikkje nok for somme. Nei, ein skal halde fram som før med å ignorere rettane til dei innbyggarane som nyttar nynorsk.

Til overmål vert kravet om såkalla språknøytralitet framstilt som «raust». Desse «rause» folka går aldri inn på korleis denne språknøytraliteten skal ytre seg. Kva med å sjå på røynslene i Ålesund kommune dei siste seksti åra? Er det slik ein har tenkt det skal halde fram?


Visst har det vore enkeltpersonar som har skrive nynorsk, men i det store og det heile har bokmålet vorte meir og meir dominerande.

Dersom det var annleis ville tilsette i noverande Ålesund kommune ikkje ha brukt fagforeiningane sine til å gå mot demokratiske vedtak.

Då ville dei vere vane med å nytte nynorsk. Tidlegare biblioteksjef Mariann Schjeide har dokumentert kor vanskeleg det har vore å vere nynorskbrukar i Ålesund kommune, og ein kvar som har auge å lese med vil sjå at der har vore berre bokmål på nettsidene. Er dette språknøytralt? Faktisk er dei språklege retningslinene i intensjonsavtalen mykje rausare og meir språknøytralt enn Ålesund nokon gong har vore.

Retningslinene er lette å finne på dei nye nettsidene til kommunen. Og eg gjentek – det er ikkje ein einaste innbyggar i Ålesund som vert «tvinga» til å skrive nynorsk. Eitt unnatak er dei tilsette i kommunen som må nytte begge språk i ymse situasjonar. Alle dei tilsette i fire av fusjonskommunane er vane med å skrive nynorsk. Eg har ikkje sett nynorskbrukande tilsette klaga seg over at dei må skrive bokmål av og til.


Tillitsvalgte om målform i nye Ålesund:

Ansatte kritiske til å bli nynorsk-kommune: – Føler det blir påtvunget oss

– La ansatte få skrive på den målformen de behersker best, oppfordrer tillitsvalgte på vegne av arbeidstakerne i nye Ålesund kommune.

Eg spør meg: Kvifor er det å vere fleirspråkleg forkasteleg når det gjeld nynorsk, men ikkje når det gjeld andre språk? Eg ville ha hatt mykje større respekt for bokmålslobbyen om dei også viste kampvilje på andre språklege arenaer. Kvifor protesterer dei ikkje på at Avinor ikkje vil ha nynorske skilt på Vigra medan det same Avinor synest det er greitt at innanriksfly ikkje har besetning som snakkar eller forstår norsk?

Det har også vore vanleg å grunngje motstanden mot nynorsk som sidemål med at det er eit språk ein aldri får bruk for. Kjem bokmålslobbyen til å endre denne haldninga no når dei ser at ein faktisk har bruk for det?


Eller fungerer det berre som nok eit argument for å kvitte seg med nynorsk? Eg kjenner ikkje ein einaste nynorskbrukar som vil utrydde bokmålet. For oss er språkleg mangfald viktig. Men for Bokmålsforbundet er det tydeleg annleis.

6. januar 2017 spurde Magne Aasbrenn i Bergen Tidende «Kva er Bokmålsforbundet?» Han ville vite: «kor mange medlemmar Bokmålsforbundet har, sentralt og i lokallag. Til å vere eit «forbund» verkar det rart at det stadig berre er to personar som uttalar seg på vegner av dei. «Kven sit i styret, og når er neste landsmøte? Kor mange deltakarar var det på landsmøtet i fjor?»


Han fekk ikkje noko forstandig svar på nokon av spørsmåla sine, og det einaste lokallaget dei klarte å hoste opp var i Ålesund.

«Forbundet» har aldri publisert ein fagleg artikkel om språk, men utmerka seg i 2018 med å påstå at samane ikkje er eit urfolk.

Elles driv dei par personane berre med monomane angrep på nynorsk overalt der dei kan kome til. Eg kan knapt tenke meg ei meir trist livsoppgåve enn å ta knekken på eit språk.

I dag er det om lag 7.000 språk på jorda, 2895 av dei er i fare. Det gjeld ikkje for nokon av dei norske språka – enno.



-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!