Lesarinnlegg:

«Kjære Statsminister – kvar er du?»

Haramsøy: Visualisering fra Ullasundet av vindparken med ny turbinplassering.  Foto: Zephyr

Leserinnlegg

Ser deg stadig i TV-ruta, og forstår du har hatt travle dagar i kampen mot korona. Men det har seg slik at vi er mange rundt om i landet som kjempar ein anna kamp som vi føler er lika hard, og som går på helsa laus. Og det skremmande er at vi må kjempe mot vår eiga forvaltning.

Kva tenkte du når du tok frå oss retten vi har etter Grunnlova til å vite kva som skjer med naturen vår, og sikre at den blir ivaretatt ? Korleis kan du la kyniske verksemder få nærast fri tilgang til å gjere om fantastiske naturområder til industri? Enorme vindkraftverk som lager store sår i terrenget. Gedigne turbinar som ruvar, og kan sjåast på fleire mils avstand. Korleis kunne du svikte oss som får dette i våre nærområder, og som må leve med alle ulempene. Og kvifor har du tillatt eit system der utbyggar og forvaltning opptrer som eitt lag, mot lokalbefolkning og lokaldemokrati?

Nå går startskuddet for Haram vindkraftverk

2. juni skal gravearbeidet på Haramsøya starte.




Standardsvaret ditt er vel at vi må ofre noko for å redde klimaet. Kva med naturen? Treng vi ikkje den, meinar du? Og eg har enno ikkje sett eit klimarekneskap for desse turbinane. Kva kostar det klimaet frå prosessen startar med å utvinne sjeldne mineral, å produsere og transportere alt som skal til. Kva utslepp gir sprenging og graving i naturen, og ikkje minst ; kva skjer med avfallet. Veit du eller ministeren din dette? Ikkje at eg forventar noko svar. For det ser ikkje ut som du bryr deg.

Vel, håper du hadde ein fin Grunnlovsdag.

Helsing Lisbeth Marie Austnes

For ordens skuld: Eg er medlem i Motvind Norge og Nei til vindkraftverk på Haramsøy. Er verken radikal eller klimafornektar. Berre ganske ordinær og ganske fortvila.


Haramsøya:

Skal ta vindkraft-ja til retten

Oppdatert: På kort tid fekk Nei til vindkraftverk på Haramsøya inn 112.700 kroner. Pengane skal brukast på rettssak.



-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!