Kort samanfatta har eg forstått det heile slik – noko forenkla: Fellesfaga skal redusert til fire: Norsk, matematikk, engelsk og eit nytt fag «for framtida».

Fleire av dei kjende fellesfaga skal vekk eller oppstå i forenkla form i innan det nye faget. Dette gjeld sentrale og godt innarbeidde fag: Gym – naturfag – samfunnsfag/samfunnslære – historie – geografi – 2.-språk og religion.

Grunngjevinga for endring: Vi har for mange fag – det vert difor for lite tid til fordjuping i det einskilde faget. Guri Melby er norsklektor – det undrar meg at ein statsråd med denne bakgrunnen kan stå inne for eit slikt radikalt framlegg. Ikkje alle faga i dag har same omfang – slik bør det vere – dei grunnleggjande faga må framleis stå sentralt. Å fjerne dei andre som eigne fag er ei svekking og ei nedprioritering av desse særs viktige fagområda.

Eg kunne ha skrive eigne artiklar til forsvar av kvart av dei. Likevel vil eg spesielt nemne to: Historie og religion. Våre unge skal forme framtida. Utan kjennskap til historia frå vårt eige land og i verda elles vil noko av sjølve grunnmuren verte vekk. Røtene våre er viktigare enn vi mange trur. Rektor på realskulen der eg gjekk lærte meg dette. Det har stått spikra hos meg gjennom godt 40 år i skuleverket og sidan som samfunnsinteressert pensjonist dei siste 15 åra. Skulen i framtida må ha historie som eige fag!

Religion med særleg vekt på kristendomen bør ikkje rotast saman med andre fag. Faget bør stå på eigne bein slik det har gjort gjennom mange hundre år i landet vårt. Vi byggjer på kristne verdiar i samfunnet vårt. Desse verdiane bør vere ein del av samfunnets grunnmur også i åra som ligg framføre.

Gode argument kan også vere iaugefallande for mange av oss i høve dei andre fellesfaga som no er i fare, utan at eg her skal utdjupe dei noko meir. Mange av dei fellesfaga vi i dag har, er det eg kallar allmenndannande. Fagintegrering og fagleg overgripande undervisning kan i beste fall bøte på noko av dei skadane statsråd Melby vil påføre skulen sitt samla tilbod til elevane. Elevar som skal styre, forme og utvikle samfunnet vårt i åra som ligg framføre vil miste noko verdfullt.

Reforma vert kalla «fullføringsreforma» Eg vil hevde at dette framlegget ikkje er rette måten å fullføre innhaldet i den allmenndannande vidaregåande skulen vår. Vi kan også filosofere over om neste steg i fullføringa skal gjelde grunnskulen. Kven veit? Dei fleste statsrådar skal etterlate seg eit «minnesmerke» det gjeld ikkje minst statsrådar innan dette politiske feltet. Guri Melby som attpåtil representerer Venstre, er tydeleg ikkje noko unntak.

Mi klare oppfordring er at fellesfaga i hovudsak bør stå fast der fornying og pedagogiske nyvinningar vert prioriterte framfor avvikling. Norsk skule fortener ikkje på ta steg tilbake. Lukke til!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!