Dei store utfordringane i vår tid er klimagassutslepp, tap av biologisk mangfald og arealendring. Eg er glad for at SV har snudd frå å vere eit parti som ivra for mykje meir vindkraft, til å gå imot storstilte utbyggingar på land og i kystnære havområde. Skal ein seie noko om SV så må det difor vere at miljøprofilen til paritet har blitt styrka, med tanke på å ta større omsyn til naturareala i Norge.

Raudt tek feil når dei påstår at Haram Kraft med sine 36 MW ville fått konsesjon om SV sin nyleg vedtekne politikk hadde vore gjeldande i 2009. Haram Kraft er definert som eit storskala anlegg etter kriteria som SV la til grunn for småskala vindkraftverk under landsmøtet, 10 MW og maksimum høgde 110 m. Miljøpåverknad vil vere avhengig av plassering. Så nært bustader, og med fuglefredingsområde på tre kantar, hadde kriteria for å tildele konsesjon ikkje vore oppfylt i dag.

SV ville ikkje vedta eit forbod mot ein teknologi, men vurdere frå sak til sak å godkjenne mindre anlegg i allereie industrialiserte område. Vi vil med andre ord sette strenge miljøkrav, og krav om lokal forankring for utbygginga av vindkraft. Eit godt døme på eit slikt mindre anlegg er vindkraftverket på Harøya. Der står det fem små vindtrubiner, som det aldri vore særleg strid om. Anlegget vart bygd på grunn av eit lokalt straumbehov.

Framover vil det kome mange store diskusjonar og politiske dilemma på bordet som vil omhandle energi, miljø og kampen om areala på land og hav. Eg deler Raudt si uro over at politikarar med gode intensjonar kan kome til å gå inn for store utbyggingar utan at fylgjene er tilstrekkeleg greidd ut på førehand. NINA (Norsk institutt for naturforsking) sin rapport om karbonbinding i jord frå 2019, synte at om det var CO₂ utsleppa som var poenget så var det betre å la naturen i fred.

Siste tida er det blitt stilt spørsmål om forureiningsfare og slitasje og spreiing av mikroplast frå dei enorme glasfiberarmerte epoxyvingane, som veg 20–30 tonn kvar. Dei grunne produktive havområda våre har viktige og sårbare økosystem. Det er vår «regnskog», som vi må ta godt vare på.

Eg har vorte skremt av ein tvilsam lovpraksis der det blir slurva med å kunnskapsgrunnlag og utgreiingar i konsesjonssaker. Slik eg ser det treng Raudt å alliere seg med SV og alle gode krefter til felles sak, om vi skal oppnå politiske resultat i kampen mot miljøøydeleggande vindkraft.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!