Temaet var den nyleg gjennomførte endringa i flagglova som under arrangement gir høve til å flagge med andre flagg enn det norske og det samiske på offentlege bygningar. Det Krumsvik og hans partifellar er særskilt uroa for er at regnbogeflagget kan få vaie i flaggstenger under den årlege Pride-markeringa.

Standpunktet om at offentlege flaggstenger berre bør vere for norske og samiske flagg er sjølvsagt legitimt, dette er mellom anna haldninga til FrP og partileiar Listhaug. Men fleire av kommentarane frå krinsen rundt De Kristne er tydeleg basert på rein homofobi. Det er ugreitt, og då må nokon seie frå. Her kjem to av dei grovare døma frå førstekandidaten sitt eige kommentarfelt: Ingrid Eikemo skriv at ho er uroa for om dette ville bety at naziflagget igjen får vaie frå norske flaggstenger, medan Ottar Stensvold si analyse var at «sodomiflagget representerer urenhet og besmittelse. Verken Aids eller Corona har fått dets tilhengere på bedre tanker.» Korkje førstekandidaten eller nokre av hans partifellar har reagert på desse grove kommentarane.

Dette er skremmande haldningar, og det er haldningar som finst i samfunnet rundt oss. Diskriminering av homofile og seksuelle minoritetar har ein lang og lite stolt tradisjon her til lands. Pride-rørsla har dei seinare åra vore med på å gjere det enklare for mange å vere open om si legning, bli tryggare på seg sjølv, og å kunne finne sin stad i samfunnet medan ein er seg sjølv. Lokalt har tiltak og organisasjonar som Bygdepride hatt høg verdi på mindre stader, der det ofte kan vere vanskelegare å vere open.

Eit vanleg argument i debatten om «flaggsaka» i sosiale media frå dei som er hakket mindre intolerante enn Partiet De Kristne er at det er greitt med homofili så lenge ein held det for seg sjølv og ikkje viser det fram. Sjeldan har det vore meir freistande å skrive om Einar Førde. Vi får finne oss i at syndarane bur i bygda, men vi vil ikkje ha flagget deira utanfor rådhuset!

Då Øyvind Årdal var førstekandidat for PDK for nokre år sidan nytta han kvart innlegg i skuledebatten til å fortelje at alle menneske er uendeleg verdifulle for Gud. Mi von er at alle menneske no også kan bli like uendeleg verdifulle for Partiet De Kristne. Partiet bør anerkjenne, som resten av samfunnet har gjort, den systematiske diskrimineringa av homofile og andre seksuelle minoritetar som har vore i landet. Kanskje vil dei då sjå behovet for ei årleg markering for fridom, kampvilje og menneskeverd. Kanskje vil dei då også sjå at eit Pride-flagg i flaggstonga utanfor rådhuset i Volda ikkje fører til ein etisk kollaps i samfunnet.

Ved valet i haust håper eg alle er med meg på å seie ja til nestekjærleik, ja til solidaritet og ja til dei kristne og humanistiske verdiane samfunnet vårt er bygd på! Sjølv om konsekvensen fort kan bli at vi då må seie nei til Partiet De Kristne.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!