Desse er rett og slett vår felles identitet. Ved å framheve og dyrke dei kan fylket stå samla, aktuelt og attraktivt i dag og i framtida.

Møre og Romsdal fylke er enkelt sagt «berre» eit administrativt rammeverk omkring tre geografiske og kulturhistoriske perler – Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. Lat oss derfor reflektere litt meir over desse skattane våre. Lat oss nærme oss dei som tilreisande. Det er gjerne når vi er på reisefot at vi får opna auge og sinn for det som er fint og annleis, og får dermed satt heimane våre inn i eit større perspektiv.

Vi reiser først nordfrå. Vi når marsjfart nedover Rindalsskogen, vidare gjennom grøderike Surnadal, og inn i hjartet av Nordmøre. Vi opplever eit innhaldsrikt overgangsområde, litt trøndersk, men samstundes eigenarta. Dei reisande har bevegd seg inn i eit vell av historiske og kulturelle variasjonar: Sjå den gamle bondekulturen, sjå opera og det moderne næringslivet i Kristiansund. Rundt omkring oss er natur- og kulturlandskapet harmonisk: Stødige åskammar, skogkledde lier, veldyrka åkrar og velbrukte sund vitnar om tradisjonar, velstand og hardt arbeid. Nordmøre der altså – ei perle.

Lat oss ta oss inn i fylket austfrå. Vi tar sats ved Bjorli og rullar nedover Romsdalen. Fossane er mange og ville, men vel nede på flatmark duvar Rauma jamt og verdig mellom tindar, beitemark og buldresteinar. Her og der står tømmerhus som viser slektskap til Gudbrandsdalen og vidare. Ved elvemunningen opnar det heile seg opp. Sjå den heilage Veøya midtfjords, reis til Molde og snu deg rundt til ein panoramautsikt som få byer er forunnt. Men ikkje stopp enno, for punktum er ikkje satt før vi er ute i havgapet ved Ona Fyr. Romsdal – også ei perle.

Sørfrå er innreisa vel så interessant. Lat oss ta oss inn på venger gjennom skyene. Vindaugsplass, sjølvsagt. Flyet flyt først over fjellvidder og dalføre. Med eitt stig meir alpine fjellformasjonar fram under oss. Piloten introduserer Sunnmørsalpane for dei reisande. Vi ser eit hav av taggete, snødekte tindar. Kan det bu menneske her? Ingen tvil: Langt der nede på dei smale strendene mellom egg og fjord skimtar vi husrom, verft og grøne bygder. Flyet susar ut mot Norskehavet, men Vigra tar oss godt i mot. Straks ruslar vi på skinande brustein mellom Ålesund sin stilsikre Jugend-arkitektur. Sunnmøre – for ei perle.

Vi er heldige som har to blad Møre og eit Romsdal. Samla og foreint i Møre og Romsdal fylke. Som eit stort skjeringspunkt mellom Trøndelag i nord, Innlandet i aust og Vestlandet i sør finn vi tre markante og unike ‘fogderi’ med sine særeigne identitetar og uttrykk. Ved å stå saman i eitt felles fylke får desse perlene tre fram og skinne klart og tydeleg. Dei blir såleis namngjeve, aktualiserte og definerte.

Fellesskapen er bygd på variasjonar og ulikskapar. Nettopp derfor har dette fylket noko å bidra med til resten av Noreg og forbi. Slike straumdrag går også andre vegen – utanfrå og inn. Ytre impulsar og føringar formar og aktiviserer. Slik blir kulturelle og økonomiske skjeringspunkt og overgangsområde danna og utvikla.

Men det er særleg ein straum som bør vendast – flyttestraumen. Målet bør vere at fleire av dei unge som reiser ut ønskjer å vende heime att, samt at fleire av dei som besøker oss ønskjer å bli verande. Kan vi bidra til å skape tilhøyrsle, positivt engasjement, fellesskap og tilvekst ved å framheve alle ulikskapane og variasjonane?

Fylket vårt er i seg sjølv lik eit tomt skjel, men innhaldet, regionane Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre, er skattar som må takast vare på og stillast ut for oss sjølve og omverda. Innanfor eit felles rammeverk har desse fått gjere seg gjeldande i lang tid. Dei bør få skinne saman. Dette er eit perspektiv som kan fungere som grunnlag for identitet, fellesskap og samarbeid i Møre og Romsdal – tre perler, eitt fylke!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!