EU er vår største marknad, og med sin nye klimapakke krev dei omstilling. Det må vi vere med på.

EU er vår viktigaste handelspartnar, og har nettopp lansert ein ambisiøs klimaplan, «Fit for 55». For Venstre er det openbart at næringslivet i Møre og Romsdal ikkje har råd til å stå utanfor kan hende verdas viktigaste klimasamarbeid. For det er der eksportmarknaden vår er. Og det er dei opne grensene og fridomane som fylgjer med EØS-avtalen, som gjev våre verksemder mogelegheiter.

Trygge arbeidsplassar er viktigare enn nokon gong, etter over halvanna år med pandemi. Vi treng nye, grøne arbeidsplassar, men ikkje minst må vi gjer det vi kan for å dempe usikkerheit og hjelpe næringslivet vi allereie har i Møre og Romsdal på beina att.

Då er Senterpartiets medisin – å trekkje seg ut av EØS-avtalen og kritisere forpliktande planar for å omstille og kutte klimagassutslepp på eit heilt kontinent – heilt feil.

Grøn omstilling er naudsynt for næringslivet i Møre og Romsdal, og det hastar. Venstre vil leggje til rette for grøne investeringar, teknologiutvikling og eksport. EU sin klimapakke understrekar berre hovudpoenget: etterspurnaden etter olje går ned, og om vi skal konkurrere på den internasjonale marknaden, må vi ta klimaet med i rekneskapen.

Venstre støttar EU sin klimapakke, slik vi også støttar EØS-avtalen. For arbeidsplassane si skuld. Der Sp roper «industridød» ser vi ei grøn framtid med mogelegheiter.

Norsk eksport utgjer i dag om lag 1100 milliardar kroner. Over halvparten går til EU. Vi gamblar med næringslivet vårt om vi gamblar med EØS-avtalen. I Møre og Romsdal er 30.000 arbeidsplassar direkte eller indirekte knytt til eksport. Dei vil ikkje eg risikera. Vil Sps Jenny Klinge det?

Å trygge arbeidsplassar handlar om å finne alternativ til olje. Berre 1 prosent av det vi eksporterer i dag kan kallast «grøn eksport». Noreg og Møre og Romsdal har kompetansen og føresetnadane som trengs for å kunna verta verdsleiande på feltet, men det krev politisk vilje og eit krystallklart ja til EØS.

Venstre går til val på tolv løfte. Å gjere det lettare å skape nye arbeidsplassar er eitt. Meir europeisk samarbeid, ikkje mindre, er eit anna. Det første er heilt avhengig av det andre.

Jobbane her i fylket er ikkje i et vakuum. Vi er avhengige av å ha fridomen til å eksportere varer og tenester og importere arbeidskraft og kompetanse over grenser, slik vi kan med EØS-avtalen. Utan tollmurar og byråkrati.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!