Trafikkselskapet la onsdag fram kvartalstal som viser at inntektene første halvår enda på drygt 1,5 milliardar – ei auke på nær 140 millionar samanlikna med fjoråret. Oppstart av tre nye samband er årsaka til at omsetninga har gått opp i år.
Innteninga i halvåret gjekk ned noko frå rekordåret 2017, og resultatet før skatt vart 303 millionar, går det fram av børsmeldinga.
Inntektene for 2. kvartal enda på 772 millionar (709 mill. i 2017) og resultatet før skatt for perioden vart 165 millionar kroner (181 mill. i 2017).
Skifte på fleire ferjesamband
Selskapet driftar no sju av dei ti største ferjesambanda i landet. Frå årsskiftet tek dei over ferjene i Sulapakken, medan Norled har kapra Festøya-Solavågen-ruta frå 2020.
Dei to reiarlaga var også mellom dei fire som nyleg leverte tilbod om å drifta Romsdalspakken, med mellom anna Molde-Vestnes-ferjene.
– Det er samtidig stor aktivitet på anbodssida. Fjord1 har delteke i fleire store anbod så langt i år, og fleire store anbodsprosessar vil kome i løpet av hausten, seier administrerande direktør Dagnfinn Neteland i ei pressmelding.
(saka held fram under)
Slik lagar dei plass til både salong og lugarar Snart kjem denne ferja på Hareid-Sulesund
Fleire nye ferjer
Fjord1 er inne i ei periode med bygging av fleire nye elektriske ferjer og i løpet av 2. kvartal fekk dei levert tre nye ferjer MF Møkstrafjord, MF Horgefjord og MF Husavik.
Mot slutten av året ventar dei å få levert fem nye ferjer. I 2. kvartal vart det óg signert kontrakt med Tersan i Tyrkia om bygging av nok ei ferje som kan ta opptil 120 bilar.
(saka held fram under)
Fjord1 delte ut millionar i bonus Sævik tek ut gevinst etter nytt rekordår for Fjord1
Tap på passasjerbåtar
Ferjetrafikk er det klart viktigaste forretningsområde for selskapet, men dei driftar også hurtigbåt- og turistbåtruter i tillegg til cateringfirmaet Ferdamat.
Alle verksemdene tente pengar første halvår, unntatt passasjerbåtdrifta som enda med eit tap på to millionar. Dette gjeld samband i Sogn og Fjordane.
Fjord1 kunne i kvartalet også innkassere utbyte på 17 millionar for eigarskapen i WF Holding – selskapet som eig flyselskapet Widerøe.
Turistbåtselskapet The Fjords - der Fjord1 eigd halvparten - bestilte i løpet av kvartalet ein ny passasjerbåt som skal leverast andre kvartal neste år. Også dette fartøyet skal byggjast ved Brødrene Aa i Nordfjord, som tidlegare har levert Vision of the Fjords og Future of the Fjords.
(saka held fram under)
Ny el-båt kan ende opp i Geiranger: – Det er plan B GIEK med garanti på 900 millioner kroner til Fjord1 sine el-ferjer
Solid utbytte
Fjord1-investeringa har så langt vist seg å vere god butikk for Sævik-familien i Herøy. I løpet av kvartalet fekk aksjonærane utbetalt utbytte på 270 millionar kroner.