Det er langt mellom dei ledige stillingane for ingeniørar for tida, men Kleven søkjer no etter heile seks nye ingeniørar.

– Den rekrutteringa vi no gjer er eit ledd i det langsiktige strategiarbeidet i konsernet, seier HR-direktør Kathrine Holstad i Kleven.

Les nyheiter frå næringslivet på smp.no

Robotar

Kleven har siste åra satsa mykje på robotar og avansert automatisering.

– No treng vi fleire fagfolk til å bringe dette arbeidet vidare, seier Sigbjørn Nordstrand, som er teknisk direktør i Kleven.

Ingeniørstaben i Kleven tel frå før om lag 30 personar. Stillingane som no blir lyste ut, er innan fleire fagområde for avansert skipsbygging. Og det er senioringeniørar konsernet no er på jakt etter.

– Vi ser etter kandidatar med tung fagleg bakgrunn. Vi har mange krevjande prosjekt på gang og avanserte fartøy som skal byggjast. Det blir veldig spennande, og eg har god tru på at vi vil trekke til oss gode kandidatar, seier Nordstrand.

Trigga

Også Holstad er spent på responsen i marknaden:

– Rekruttering er alltid spennande. No ønskjer vi kontakt med kandidatar som er trigga av dei faglege utfordringane og som vil vere med og finne løysingar. Vi trur det er veldig spennande jobbar, seier ho.

Ei solid ordrebok fram til hausten 2017 gjer det mogleg å jobbe med langsiktig strategi i verftskonsernet.

– Vi byggjer kompetanse for framtida. Vi har solid ordrebok og krevjande prosjekt på gang. Det må gjennomførast på ein god måte, slik at vi kan ta nye kontraktar, seier Holstad.Og ho legg til:

Oljesmell

Også Kleven har merka nedgangstider som følgje av oljesmellen på kysten.

Tidlegare i år kutta Kleven Maritime Contracting 75 stillingar. For tida er 32 tilsette ved Myklebust verft permitterte, fram til dei begynner på eit stort ombyggingsprosjekt i november/desember.

– Vi også merkar situasjonen, men vi jobbar kontinuerleg med nye kontraktar og vi har framtidstru, understrekar Holstad.

Les også: Full ordrestopp hos verftene

Lærling

Nordstrand er einaste ingeniør som er kome til i staben etter 2013, med unntak av traineear. Konsernet satsar elles framleis på lærlingar og har til ei kvar tid 30 lærlingar inne.

– Vi er opptekne av å halde dette nivået, sjølv om det er ei vanskeleg tid i marknaden, seier Holstad.

Gjer som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook

<strong>Ordrebok:</strong> Kleven har bra med ordrar heilt til hausten 2017. Det blir heile tida jobba for å få nye oppdrag. «Olympic Delta» er namnet på båten som ligg ved kaia ved verftet.