Dermed har kultur- og folkehelseutvalet bestemt at prisen ikkje blir delt ut i år, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Eg håper det er er ein vekkar, seier Marit Nerås Krogsæter som leiar kultur- og oppvekstutvalet i fylkeskommunen. Dei fekk ansvaret for likestillingsprisen etter at likestillingsutvalet vart lagt ned.

– Det er kanskje eit teikn i tida. Vi er eit fylke med store utfordringar med likestilling, men vi klarte ikkje få inn forslag på kandidater, påpeiker Krogsæter.

– Rar følelse

Ho innrømmer det var spesielt å ikkje dele ut prisen.

Nytt forsøk neste år

I fjor var det Gunvor Ulstein som fekk likestillingsprisen. Også Jens Terje Johnsen, NHO Møre og Romsdal og Bergljot Hjorthol er vinnarar.

– Det er synd at vi ikkje fekk inn forslag til kandidatar i år, men vi gjer eit nytt forsøk i 2017. Møre og Romsdal har eit godt utgangspunkt for spanande og viktige likestillingsprosjekt, men vi er avhengige av at desse kjem fram i lyset for å kunne gjere noko med mange av dei utfordringane vi har innan likestilling, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar av kultur- og folkehelseutvalet.

Prisen går til personar eller instansar som har utmerka seg med å fremje likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter, utan omsyn til kjønn, alder, seksuell legning, funksjonsevne, etnisitet og språkval (nynorsk/bokmål).

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar, skular/klassar, bedrifter, institusjonar, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket.

Trist

Gunn Berit Gjerde er fylkesvaraordførar. Foto: Staale Wattø

– Eg syns det er trist at ingen ser nokon som har gjort seg fortent til det, seier varaordførar Gunn Berit Gjerde i fylket.

– Kva tenker du dette er eit symptom på?

– Det kan vere eit symptom på to ting. Det kan vere for få som engasjerer seg i likestilling, og då tenker eg likestilling i heile breidda. Og det kan vere at det ikkje blir lagt merke til dei som gjer det.

– Kvifor har ikkje de som politikarar sjølv kome med forslag?

– Eg kan umiddelbart kome på tre-fire som eg syns hadde fortent prisen. Men eg syns forslag til prisar som vi politikarar deler ut skal kome frå grasrota, seier varaordføraren i fylket.