Naturkreftene gjekk heilt av skaftet i Utvik natt til sist måndag – 50 millimeter regn på tre timar heldt på å skylje den vesle og vakre Nordfjord-bygda på sjøen:

– Eg såg eigedomen vår angripen i eit ragnarok

– Aukande ekstremvêr har gjort meg skeptisk til Storelva. Men at ho skulle angripe oss slik hadde eg aldri kunna førestille meg.

Krater Arne Hauge brukte fleire år på å mure og bygge opp uteområdet kring huset etter at han og kona tok over her i 1995. No er alt kring huset på den vakre utsiktstomta over Utvik sentrum totalt smadra. – Det blir blytungt å starte prosessen på nytt, innser Arne Hauge. 

No er det vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal motivere seg til å starte opp att ein gong til

Arne Hage
Nyheter

Dette seier Arne Hage i Utvik. Etter ei stund med skruing får han endeleg start på straumaggregatet, einaste berginga for to frysarar fulle med hjortekjøt og anna mat for familien.