Trasé-val for E39:

Tidlegare politi: – Eg skal vere den første til å legge meg i lenkegjeng

På folkemøtet i Skodje var det sterke innlegg mot å legge E39 gjennom friluftsområda i Fyllingsmarka og Svartløken-området.

Modolf Hareide sa han legg seg i lenkegjeng dersom regjeringa vel traseen gjennom Svartløken-området.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Gomerhuset var nesten fullt, og lengst applaus fekk Modolf Hareide, tidlegare Skodje-ordførar og pensjonert polititenestemann. Han fortalde at han er villig til sivil ulydnad i denne saka.