Å starte på andreslåtten 16. juli har kanskje ingen andre gjort før her på Nordvestlandet. Jørn Stadheim, med 200 mjølkegeiter sør for Hellesylt, er alltid tidleg ute med å slå. Men start i midten av juli var ikkje frivillig.

Lite regn og tørre markar har gjort at den kan hende rekordtidlege starten tvang seg fram. Det er særleg på elvesletter med sand og grus at det er tørkeskade, slik som hos Stadheim mellom Hellesylt og Sunnylvsbygda

Etter andreslåtten vil han gjødsle for å få ein tredje slått i midten av september.

40 prosent avling

Møre og Romsdal er tredje største geitefylke. Mjølka blir levert til Tine i Ørsta.

Men i det tørre vêret er fôrlageret langt frå fullt på garden.

– På førsteslåtten var avlinga 40 prosent, og med andreslåtten er det sameleis.

Dette er godt under gjennomsnittet i fylket, som er på rundt 70 prosent.

– Korleis løyser du det?

– Vi får gjere opp status når sesongen er over, men vi blir nøydde til å redusere flokken noko.