For å sleppe å køyre inn til lensmannskontoret for å få gjort alt kontorarbeidet, skal politibilane bli mobile kontor.

Med større lensmannsdistrikt kan det gå mykje tid med til køyring.

– I starten får vi nettbrett. På sikt trur eg at vi får datamaskiner som er ein del av innreiinga av bilen, seier Tormod Hvattum, lensmann i Vågsøy.

Erfaring

UP tok teknologien i bruk i fjor. Fagbladet Politiforum har møtt politibetjent Verner Svendsen i UP-distrikt 9, som omfattar politidistrikta Helgeland, Salten og Midtre Hålogaland. Dei har stor nytte av det nye systemet.

– Det er ikkje alltid vi ønskjer å be operasjonssentralen om mykje informasjon, fordi vi ikkje vil opphalde dei for mykje. Dei har ikkje alltid tid heller. Og vi kan skrive rapporten i bilen på veg tilbake til stasjonen. Ikkje alt er like enkelt som på PC, men det fungerer likevel veldig greitt å kunne starte arbeidet i bilen, seier politibetent Verner Svendsen til Politiforum.

For at ikkje berre UP men også politiet generelt skal få ta i bruk dette, løyvde Regjeringa i mars 10 millionar kroner til formålet.

Før jul

Og i løpet av året er det etter planen på plass.

– Den planen vi følgjer no er at vi har utplassert utstyret før jul. Dei 10 millionar kronene som justisdepartementet løyvde gir oss fleire einingar enn det er lensmannskontor. Det vil bli prioriteringar på korleis utstyret blir fordelt, basert på ein del faktorar og på innmeldte behov, seier Asbjørn Rønnestad, avdelingsdirektør i Politidirektoratet.

Direktoratet har jobba ein del med korleis dei skal ta vare på sikkerheita på desse mobile einingane.

– Dersom eit nettbrett blir mista, vil vi slette det ut frå våre system, slik at ingen kan misbruke informasjonen som ligg der. I tillegg blir kryptering ein del av den tekniske løysinga, seier Rønnestad.

Les også: Trur Ørskog, Sula og Giske vil miste lensmannskontoretLes også: Vil fjerne åtte lensmannskontor i Nordvest