Politiet har sidan måndag leita etter Julian Gunn Montague i Ålesund, som sist blei sett ved Sundebygget i nærleiken av NTNU i Ålesund, fredag 23. februar. Leiteaksjonen har vore omfattande.

Det blir torsdag ikkje sett i gang nye søk, opplyser operasjonsleiar Arild Reite til Sunnmørsposten.

– Det er framleis ingen spor etter den sakna, sa han torsdag morgon.

Politiet fekk onsdag hjelp til søk i bratt terreng, og søket blei konsentrert på nordsida av Aksla. Også redningshundar vart rekvirert.

Slik jobbar politiet med saka

Sjølv om søket blei innstilt torsdag, vil politiet jobbe vidare med taktisk og teknisk etterforsking.

– Det har politiet jobba med parallelt med søk, sidan måndag. Og dette arbeidet held no fram med uforminska styrke, understrekar Arne Lid Skodje, seksjonsleiar for forebygging, etteretning og etterforsking i politiet.

I teknisk og taktisk politiarbeid kan det handle om å ta avhøyr, gjere rundspørjing, gå igjennom tips, video- og bildemateriale og sjekke ut tekniske spor.

– Vi har ikkje ei klart definert retning i arbeidet, per no, sa Arne Lid Skodje ved 12.30-tida torsdag.

Innstilte søket

Operasjonsleiar Jens Dahl sa til NRK Møre og Romsdal onsdag kveld at søket blei innstilt natt til torsdag.

Til Sunnmørsposten seier Dahl at det blir gjort ei ny vurdering torsdag morgon.

– Det er mørket som gjer at vi avsluttar no, pluss at vi er ferdige i områda vi hadde tenkt å søke i, det vil seie store delar av Ålesund. Men det kan vere at vi søker i nye område torsdag, seier Dahl onsdag klokka 20.00.

Faren Tim Montague reiste onsdag frå USA til Ålesund for å hjelpe til i søket etter sonen Julian.

Les saka her:

Bildet av Julian Gunn Montague frå eit overvakingskamera på Sundebygget er delt av politiet, etter ønske frå dei pårørande. Foto: Privat/politiet

Politiet ber om tips

Utgangspunktet for leiteaksjonen har vore NTNU Ålesund og nærområdet.

Politiet delte tysdag bilde av den sakna, etter ønske frå dei pårørande. Dei bad då folk spesielt legge merke til joggeskoa som har ein oransje tupp og at den sakna har kort hår.

I ei pressemelding tysdag bad dei publikum sjekke buer og andre aktuelle opphaldsstadar på sine eigedommar, for å sjå om den sakna kunne opphalde seg der.

Politiet ber dei som kan ha observert den sakna om å ringe politiet på telefon 02800.

– Politiet jobbar med operative søk, etterretning og etterforsking, der vi eksempelvis hentar inn video frå overvakingskamera og avhøyrer personar som kan ha informasjon om den sakna sine bevegelsar den siste tida, sa operasjonsleiar Jens Dahl i pressemeldinga som gjekk ut tysdag.

Det var medstudentar som meldte Julian Gunn Montague sakna.

Politiet søkte bak Akslafjellet. Foto: Jan Erik Finsæther