Selskapet Voldsfjordkryssing AS blei stifta i februar. I ekstraordinær generalforsamling er det vedteke å utvide aksjekapitalen.

– Å gjere Voldsfjorden ferjefri, vil vere eit viktig utviklingssteg for heile regionen, skriv styreleiar Jørgen Amdam og styremedlemene Martin Brænne og Odd A. Folkestad i invitasjonen til å delta i emisjonen i selskapet.

Dei viser til at prosjektet kommunikasjonsmessig vil bety revolusjonerande mykje – ikkje minst for å binde Sunnmøre og Nordfjord betre saman.

Ei bru over Voldsfjorden vil erstatte ferja frå Volda til Folkestad.

– Ei kvar fjordkryssing der ferje vert avløyst med fastlandssamband går samfunnsutviklinga monaleg framover – faktisk kan det kanskje seiast slik at det er samferdselsutviklinga som i stor grad vil styre samfunnsutviklinga, heiter det i brevet.

Bruer og tunnel

Det er Volda kommune som har tatt initiativ til å stifte selskapet.

Selskapet ønskjer ikkje berre å erstatte ferja Volda-Folkestad med brusamband.

Dei vil også erstatte ferjesambandet Volda-Lauvstad med brusamband over Dalsfjorden

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook