- I kommunen sitt reglement finn ein ikkje noko som tilseier at ein ikkje betalar ut den faste ti prosent godtgjersla som varaordførar. Varaordføraren har likevel valt å seie frå seg godtgjersle i den aktuelle perioden. Varaordføraren vert på linje med andre i kommunestyret trekt for møtegodtgersle ved forfall, heiter det i ei pressemelding frå ordførar Petter Lyshol (H) og varaordførar Olav Harald Ulstein (Frp) etter eit møte mellom dei to, måndag.

Oppvaskmøte

Det som har blitt omtalt som eit oppvaskmøte starta med at den Farmen-deltakande varaordføraren kalla ein av dei andre deltakarane - Finn Olav Odde, «ynkeleg» og «motbydeleg» i beste sendetid, søndag for vel ei veke sidan. Resultatet vart rasande e-postar til kommunen, noko som igjen fekk ordførar Petter Lyshol til å gå ut i media og seie at Ulstein si deltaking i Farmen kunne svekkje tilliten til Sykkylven kommune.

Smp.no kunne vidare melde at Ulstein ikkje søkte permisjon frå jobben som varaordførar under innspillingane til reality-serien og at han har mottatt ti prosent løn - anslagsvis 15.000 kroner, frå kommunen også i perioden han deltok i Farmen.

- Det har aldri vore tema at eg skulle seie frå meg løna. Det var settevareordførar på eitt møte i perioden, sa Ulstein til smp.no fredag.

Forsoning

Måndag føremiddag melde TV 2.no først at det var forsoning mellom sykkylvsordføraren og Ulstein etter oppvaskmøtet.

- Her ryk det nokre tenner, fleipa Ulstein overfor TV2 undervegs i møtet, før heldt fram:

- Det er god stemning no. Møtet går bra og vi har eit godt samarbeid. Vi er to blide krabatar, så dette går fint, sa han.

- Uheldig bruk av rolla som varaordførar

I pressemeldinga frå dei to litt seinare, måndag heiter det at dei er samde om at det var uheldig at Ulstein si rolle som varaordførar har vore brukt i samband med deltakinga i reality-serien.

- Dette er noko varaordføraren ikkje har hatt ynskje om eller kunne påverke, heiter det.

- Ordførar og varaordførar har med dette lagt saka bak seg, og gir ingen kommentar utover dette, skriv dei to.