Kronikk 9. januar:

«Nyttårsønskje for landbruket»

Styrking: Nyttinga av ressursane i utmarka skal styrkast. Der ligg det store mogelegheiter, men vil også styrke særpreget ved det norske jordbruket og grunnlaget for distriktsjordbruket, meiner landbruksministeren. Illustrasjonsfoto: Anne-Mari Tomasgard 

Sentralisering er korkje formålet eller effekten av forslaga i denne meldinga

Kronikk

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).  Foto: NTB scanpix

I Sunnmørsposten 27. desember skriv Lars P. Bartnes, leier i Norges Bondelag om sitt juleønskje for landbruket. Om Stortingsmeldinga om jordbrukspolitikken, som eg la fram 9. desember, skriv Bartnes at den har eitt overordna mål: Å produsere meir og billigare mat. Bartnes kallar meldinga for Regjeringa sitt forenklings- og sentraliseringsforslag.

Jubel og raseri etter ulvemelding

Miljøvernerne og de grønne partiene gleder seg over at regjeringen ikke gir tillatelse til å skyte fire ulveflokker i Hedmark. Bondeorganisasjonene fortviler.

Bartnes sitt ønskje for jula og det nye året er at norske bønder fortsatt skal ha høve til å produsere trygg og god kvalitetsmat til forbrukarane. Der er Bartnes og eg heilt på line, det er også mitt nyttårsønskje. Men eg vil gjerne få kome med nokre kommentarar til ein del av det andre Bartnes skriv.

Sentralisering er korkje formålet eller effekten av forslaga i denne meldinga til Stortinget om jordbrukspolitikken. Vi skal nytte dei ulike regionane sine mogelegheiter til å dyrka mat godt. Men politikken og verkemidla må endrast for at vi skal ha eit levedyktig jordbruk i Noreg i framtida. Stillstand er tilbakegang.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Det er eit sentralt mål i meldinga å legge til rette for landbruk over heile landet. Eit viktig grunnlag for det, er at vi lukkast med å auke produksjonen framover. Då er styrka konkurransekraft avgjerande. Viss produksjonen minkar, vil det særleg gå ut over distriktsjordbruket, som har dei vanskelegaste produksjonsvilkåra og færrast valmogelegheiter. Auka konkurranse og handel med omverda vil komme. Fortsatt auke i produktiviteten, betre effektivitet, avl, foredling og nytting av våre fortrinn for å skapa forbrukarpreferansar for norsk produksjon, er naudsynt for å lukkast. Det gjeld både for jordbruket samla og for distriktsjordbruket. Alt kan ikkje vere som det har vore. Dei som prøvar å love det, kjem til å gå på ein smell. Stillstand er tilbakegang.


Bondeopprør mot Dales landbruksmelding

Oslo (NTB-Mats Rønning): Bondeorganisasjonene reagerer skarpt på regjeringens nye jordbrukspolitikk. Også på Stortinget møter landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) heftig motstand.

Med det biletet i botn, gir meldinga ein del forslag til forbetringar av dei nasjonale verke-midla, for å styrke konkurransen og meir effektivt styrke grunnlaget for landbruk over heile landet. Tydinga av den geografiske produksjonsfordelinga, med planteprodukt til mat i kornområda og grasbasert husdyrhald i distrikta, vert understreka. Og det blir gitt forslag som styrkar den. Fraktordningar og distriktstilskot vert vidareført for å sikre landbruk i heile landet.

Marknadsordningane for det grasbaserte husdyrhaldet blir ført vidare, med nokre forslag for å gjere det enklare, meir effektivt og billegare for bøndene. Og det blir sagt at produksjonar med størst mogelegheiter i marknaden skal prioriterast. Når vi ikkje ynskjer auking i grasproduksjonen i kornområda, så er det for meg sjølvsagt at vi må slutte å subsidiera det. Det er det òg gitt signal om i meldinga. Det styrker distriktsjordbruket, som i all hovudsak er grasbasert.

Les flere innlegg på smp.no!

Nyttinga av ressursane i utmarka skal styrkast. Ikkje berre ligg det store mogelegheiter der, det vil også styrke det norske særpreget, og styrke grunnlaget for distriktsjordbruket. På dette området bør bøndene ta eit større ansvar sjølve. Mat med lokal identitet kan ikkje produserast kvar som helst. Lammekjøt frå Sunnmørsalpane kan ikkje blir produsert på flatbygdene på Austlandet. Det er ein konkurranseføremon for Vestlands-jordbruket og fjellbygdene. Det må utnyttast betre! Jordbruk over heile landet er ikkje berre eit spørsmål om offentlege virke-middel.


Bartnes gjenvalgt som leder av Bondelaget

Lillehammer (NTB): Lars Petter Bartnes er gjenvalgt som leder av Norges Bondelag. Han vil prioritere regjeringens varslede jordbruksmelding i neste periode.

Sterke produksjonsmiljø er bra for produksjonsvolum og kvalitet. Gode fagmiljø er òg bra for rekrutteringa. Det ser vi mellom anna i debatten om kvoteregionar for mjølk. Det er ikkje slik at sentrale strok og kornområda systematisk dreg til seg mjølkeproduksjon. Men sterke produksjonsmiljø gjer det. Og god utforming av dei økonomiske virkemidla er botnplanken. Difor er ikkje forslaget om 10 kvoteregionar nokon trussel om sentralisering. Det tek elegant vare på omsynet til den geografiske produksjonsfordelinga i stort, samstundes som kvotemarknadene blir meir velfungerande.

Til og med forslaga om å legge om marknadsordningane for egg og korn skal visst gje auka sentralisering. Hovudomsynet med forslaga er å gjere ordningane meir uavhengige av samvirka, redusera faren for konkurransevridingar og auke tilliten til politikken. Den viktigaste distriktspolitiske effekten av kylling- og eggproduksjon, er at det har eit stort volum. Det skapar ein stor marknad for norsk fôrkorn. Stor kornproduksjon er viktig for å halde alle areal i bruk og redusera trykket for å flytte grasbasert produksjon frå distrikta.

Meldinga tek omsynet til distriktsjordbruket på stort alvor. Auka konkurransekraft og auka produksjonsvolum er grunnlaget for at jordbruksavtalen sine virkemiddel skal virke.

Jon Georg Dale
Landbruks- og matminister

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.