Det er eit troll med mange hovud, ein sentral del er øydelegging av kvinners rettar gjennom ein ny kjønnsideologi. Noreg er på mange måtar verst i klassen med ei ytterleggåande lov om skifte av juridisk kjønn. Lova opphevar i praksis biologien ved å gje alle lov til å definere sitt eige kjønn etter kva dei kjenner seg som.

Kva ei kvinne er

Eg har arbeidd med kvinnehistorie mesteparten av livet og har aldri sett eit større trugsmål mot kvinner. Det gjeld faktisk kampen om kva ei kvinne er. Noko så grunnleggande har vi aldri sett før. Dersom ein ikkje kan definere «kvinner», misser ein sjølve grunnlaget for å definere rettar og plikter. At menn no kan identifisere seg som kvinner har ført til at verkelege kvinner er truga overalt i samfunnet, frå fengsel til sport, frå krisesenter til litterære prisar.

Eg møtte denne ideologien første gong då SVs kvinner kansellerte eit arrangement med den britiske feministen Julie Bindel i 2017 av di ho skulle vere «transfobisk». Eg vart opprørt over at ho vart kansellert for sine påståtte meiningar om eit heilt anna emne enn det ho skulle snakke om. Sidan har eg fylgt denne krigen mot kvinner med stigande uro, frustrasjon og sorg. Heldigvis kan eg engelsk for dei som berre får informasjon på norsk, er ille ute. Her i landet får ein berre høyre og lese – frå media til stat og organisasjonar – at det er mogleg å skifte kjønn, at det kan vere mange kjønn, at ein kan vere fødd i «feil» kropp, at det er «inkluderande» å rekne menn som kvinner osb.

Det kostar

Dei av oss som meiner noko anna får knapt nok sleppe til i lesarinnlegg. Heldigvis er det no kome ei bok på norsk, «Kjønnstru. Kampen om røynda», skriven av Anne Kalvig. Ho har ein grundig, kritisk gjennomgang av kjønnsideologien med både internasjonale og norske døme. Typisk nok måtte ho gje boka ut sjølv. Som historikar vil eg spå at med den boka har ho skrive seg inn i norsk historie på same måten som Camilla Collett gjorde med «Amtmannens døtre».

Men det kostar. Tidlegare i år sa Kalvig opp stillinga si som professor ved Universitetet i Stavanger etter lang tids mobbing. Ho er ei av desse moderne heksene som meiner at det er umogeleg å skifte kjønn, at kvinner har rettar funderte på at dei er eit bestemt kjønn og at menn aldri kan bli kvinner uansett kva dei definerer seg som. Det er kvinner som henne over heile verda. Dei vert forfylgde, hetsa og mange har mist jobben.

Forfattaren J. K. Rowling

Den mest kjente av desse heksene er forfattaren J.K. Rowling som er hatobjekt nummer ein for transaktivistar over heile verda trass i at ho aldri har sagt noko såkalla «transfobisk» i heile sitt liv. Folk brenn bøkene hennar og sender film av det ut på internett. Enno er ikkje ho sjølv brent på bålet, men ho er truga med drap og valdtekt så mange gonger at ho kan tapetsere det store huset sitt med truslane. Kathleen Stock, filosofiprofessor på universitetet i Sussex, måtte til slutt seie opp stillinga si etter demonstrasjonar, plakatar over heile universitetet og trugsmål. Då ho skulle halde eit føredrag ved Oxford universitetet tidlegare i år, var ho omgjeven av livvakter. Ho har skrive boka «Material girls. Why Reality Matters for Feminism».

Ei anna kvinne, journalisten Helen Joyce, som har skrive boka «Trans. When Ideologi Meets Reality», må ha politieskorte vekk frå føredrag. Ingen av desse bøkene er omsett til norsk. Det er heller ikkje boka «Irreversible Damage. The Transgender Craze Seducing Our Daughters», skriven av den amerikanske journalisten Abigail Shrier. Ho er ei anna av desse heksene som har opplevd kanselleringar, at folk har nekta å avertere boka, nekta å melde ho eller selje ho osb.

Den britiske symjaren Sharron Davis har nyleg kome ut med boka «Unfair Play. The Battle for Women’s Sport». Ei bok full av eksempel og harme over at kvinner no misser sporten sin til menn som definerer seg som kvinner. Ho nemner til dømes dei tre mennene som vann kvinnenes 800 meter finale i olympiaden i 2016. Eg har sjølv opplevd ein motdebattant som påstod at desse er kvinner for dei er «oppdregne som kvinner». Trenaren til Melissa Bishop som kom inn som nummer fire, har derimot fortalt om dei truslane han fekk frå den canadiske olympiske komiteen dersom han våga å seie noko om uretten i dette.

Minner om hekseprosessane

Det er mange såkalla vanlege kvinner som vert ramma. Kvinneaktivisten Kellie-Jay Keen må betale livvakter når ho er ute offentleg. Ho arrangerer opne møte på offentlege plassar i byane der alle kvinner som vil kan stige fram og snakke om sine røynsler. Det er fantastisk å sjå kvinner som kanskje aldri har snakka offentleg før, stiller seg opp og ofte med skjelvande røyst fortelje om livet og det som engasjerer dei. Dette trass i at kanskje hundrevis av motdemonstrantar, menn i kjolar og andre i svarte masker, roper slagord og sjikane og ber plakatar som trugar dei med halshogging. Tidlegare i år, under eit slikt arrangement på New Zealand, vart Kellie-Jay Keen nær drepen av ein mobb på fleire hundre menneske. Andre vart alvorleg skadde. Dette skremmande synet av ein mordarisk mobb kan alle vere vitne til på Youtube.

Fleire enn eg tenkte på dei offentlege hekseprosessane som vi trudde vi hadde lagt bak oss for fleire hundre år sidan her i Vesten.

Lesbiske kvinner er særleg hardt ramma. Mange menn som seier dei er kvinner, påstår òg at dei er lesbiske. Desse mennene har øydelagd møteplassar for lesbiske over heile verda. I delar av Australia er det no forbode for lesbiske å arrangere noko der dei utelèt menn. Tonje Gjevjon frå Noreg har engasjert seg i kampen for lesbiske sine rettar i mange år og motteke så mykje hets og kanselleringar at ho ikkje lenger kan jobbe som kunstnar.

Alt desse heksene hevdar er at det ikkje er mogleg for mennesket å skifte kjønn. Det er eit biologisk faktum. I tillegg går jorda rundt sola.