Den 23. mai var det ei historisk hending på Ålesund bibliotek, Moa filial. Det første opne møtet i eit norsk bibliotek ja, eit av dei første slike møta i Noreg i det heile, der kritikarar av dei nye kjønnsteoriane, som sveiper som ei kollektiv psykose gjennom verda, fekk kome til orde.

Psykolog Marit Johanne Bruset og eg tok initiativet for eit år sidan, men opplegget til slutt var folkebiblioteket sitt. På dette første møtet var ordet gjeve til to psykologar som begge arbeider med barn og unge, Marit Bruset og Asle Offerdal. Dei to psykologane har ulike røynsler og ulike ståstadar og var tenkt som motpolar. I tillegg skulle eg snakke om kva for skadeverknadar eg meiner tankane om valfritt kjønn har for kvinner. Til slutt var det debatt mellom oss tre. Biblioteket skal ha honnør for at dei til slutt våga å arrangere. Det krev nemleg mot i dagens ytringsklima.

Det er ingen tvil om at det er vi som er i opposisjon til dei nye kjønnsteoriane, som møter dei største hindringane. I mange land har kvinner (og nokre menn) som forsvarer kvinner som eigen kjønnsklasse og som er imot å gje barn medikament og såkalla kjønnskorrigerande operasjonar, blitt truga og sjikanerte, angripne verbalt og fysisk, har mist jobben og til og med nær mist livet, slik det skjedde i Auckland på New Zealand tidlegare i år. Dei 85 menneska i forsamlinga på biblioteket var heldigvis ikkje slik. Likevel vart det vanskeleg for meg. Dei seks åra som eg har fylgd med på denne utviklinga i Noreg og internasjonalt, har skapt eit sterkt indre trykk av sorg og sinne i meg over det som skjer med kvinners hardt tilkjempa rettar på område etter område.

I ferd med å snu

Men noko er eg glad for. Det er ein tydeleg omsnu i Noreg når det gjeld korleis barn og unge med kjønnsforvirring vert behandla. Teorien om valfritt kjønn har gått verst ut over dei. Tusenar av ungdommar verda over har fått medikament for å stoppe puberteten og hormon for å «bli» det andre kjønnet. Slik har dei fått øydelagt helsa si for livet. Ei utruleg skandale. Men takka vere innsatsen til slike som den rolege og flittig arbeidande Marit Bruset og organisasjonen ho er leiar for, Genid, er politikken i Noreg i ferd med å snu. Det spelar heller ikkje ei lita rolle at andre land som Sverige og England, har kome på betre tankar og tek opp den manglande vitskapelege basisen for den «behandlinga» som dei unge har fått. Mange som har angra det såkalla kjønnsskiftet har òg stått fram og fortalt sine historier, no nyleg ein ung norsk mann som vart «hjelpt» av den no avskilta legen Espen Ester Pirelli Benestad.

Dei to psykologane som var usamde om mykje, var heldigvis samde om at ein burde fare varsamt fram. Asle Offerdal som hadde vore positiv til pubertets-blokkarar før, var no skeptisk. Likevel er det enno ein veg å gå etter som Noreg har verdas mest radikale lov for såkalla juridisk kjønnsskifte. Sidan 2016 har alle over seksten år som «opplever å tilhøre det andre kjønnet» som det står, kunne endre kjønn ved å sende inn eit skjema på nett til skatteetaten. Det einaste kravet er ein person si subjektive oppfatning av eg sjølv. Det er heller ikkje tak på kor mange gongar ein kan «skifte» kjønn. For dei som er under seksten år må berre ha ein av foreldra samtykke for at barnet kan endre juridisk kjønn. Likevel er det eit langt steg framover om vi no får strengare restriksjonar på den medisinske behandlinga av barn og unge. Dersom vi òg kunne bli samde om å få desse skadelege teoriane ut av skular og barnehagar ville mykje vore vunne.

Oppløyste kjønnskategoriar

Når det gjeld tapet av kvinners rettar trur eg vi diverre enno har ein lang veg å gå. Eitt er at det er vanskeleg å bli kvitt ei lov. Korleis skal ein kunne reversere vedtak som er alt er gjorde? Dessutan har juridisk kjønn forrang. «Det juridiske kjønnet skal legges til grunn ved anvendelsen av andre lover og forskrifter», står det. Lova definerer ikkje kva som er skilnaden på biologisk og juridisk kjønn. Faktum er at lova ikkje seier noko om biologi i det heile, ho nemner ikkje ordet «mann» eller «kvinne». Ein har rett og slett oppløyst kjønnskategoriane slik at ein kvar sjølv kan avgjere kva kjønn er for noko. Korleis skal det kunne vere mogeleg å diskutere kvinners særlege utfordringar i samfunnet dersom gud og kvarmann kan vere kvinne?

Berre Kristeleg folkeparti og Senterpartiet stemte mot lova, så andre parti har bunde seg til masta. Og så er det klasseaspektet av kjønnsideologien. Han er innført ovanifrå og ideologien gjennomstrøymer alle institusjonar frå media til universitet og høgskular, frå regjeringar til organisasjonar heilt opp til EU og FN. Til og med Den norske kyrkja og kvinneorganisasjonar (med unnatak av Women’s Declaration Norge) er under trolldomen. Denne lammande einsrettinga som kjem frå makthavarane, gjer at vanlege folk teier.

Kommunevalet

Ved dei siste vala har eg motviljug nytta røysteretten. Til hausten veit eg ikkje om eg kan røyste trass i at eg ser med skrekk på å få Høgre og Frp attende ved makta i Ålesund. Eva Vinje Aurdal har opna opp og gjort det lettare å puste i byen. Småby-arrogansen er dempa. Tanken på å få dei sjølvgode partia attende ved makta er deprimerande. Men, sjølv om det var høgreregjeringa som fekk gjennom lova av 2016, er det partia til venstre som er mest radikale om kjønn. Det gjeld frå Venstre til Arbeidarpartiet, SV, Raudt og Dei Grøne. Programma deira er fulle av flosklar om mangfald av kjønn og kjønnsidentitetar. Parti som lener seg på vitskap når det gjeld miljøproblema, manglar truverd når dei fornektar ein så elementær kunnskap som at mennesket ikkje kan skifte kjønn.

Ein kan hevde at lokalpolitikarar ikkje kan gjere noko med lovgjevinga. Det er Stortinget som er lovgjevar. Men dei lokale folkevalde kan påverka partia sine og dei kan til dømes få FRI ut av skular og barnehagar i kommunen. Eg ser ikkje noko slikt engasjement. Eg har difor ikkje samvit til lenger å røyste på parti som ikkje respekterer meg som kvinne og sjølvstendig vesen i verda.