I NTNU sin strategi for 2018–2025 er det uttrykt at «samfunnsoppdraget rommer både de forventningane omverdenen har til oss, og de oppgavene vi selv ønsker å løse.»

Grunna dårleg økonomi ved Fakultetet for medisin- og helsevitskap ved NTNU, er det planar om å redusere utdanningstilbodet innanfor nokre av mastertilboda i sjukepleie – dessverre er desse nedprioriterte mastertilboda retta mot kompetansebehov i kommunehelsetenesta.

Helsepersonellkommisjonen legg vekt på at talet på eldre vil ha ein sterk auke, og medføre tilsvarande auke i etterspurnad på helse- og sosialpersonell, spesielt i kommunehelsetenesta i åra framover.

Fleire kommunar har rekrutteringsproblem på helsepersonell, spesielt i forhold til sjukepleiefagleg kompetanse. Mangel på sjukepleiarar medfører færre sjukepleiarar per pasient, noko som gir grunnlag for å sette spørsmålsteikn ved om alvorleg sjuke og døyande pasientar med eit samansett sjukdomsbilde får den hjelpa og kvaliteten på tenesta som kommunane er pliktige til å vareta.

Politiske føringar dei siste ti åra har medført ei større ansvarsoverføring frå sjukehusa til kommunane for pasientar med komplekse og samansette omsorgsbehov. Denne pasientgruppa kan vere multisjuke skrøpelege eldre, alvorleg sjuke og døyande, eller pasientar med andre omfattande og avanserte omsorgsbehov.

Dette betyr at helsepersonell i kommunehelsetenesta varetek dei sjukaste og mest pleietrengande innbyggarane. Vidare stiller dette krav til ein meir spesialisert kompetanse i kommunehelsetenesta.

I den nye Profesjonsmeldinga uttaler forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel at vi må utdanne fleire sjukepleiarar med mastergrad. Vi meiner at masterutdanningar innan kreftsjukepleie og avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS) er særleg relevante utdanningar for å heve kompetansen i kommunehelsetenesta.

Innanfor sjukepleiefaget så har NTNU blant anna tilbydd to spesialiserte masterutdanningar som er retta mot kommunehelsetenesta. AKS (avansert klinisk allmennsjukepleie) og kreftsjukepleie. AKS har blitt sett til vent og vidare oppstart er uviss. For kreftutdanninga, som har lagt grunnlag for rekruttering til både spesialist- og kommunehelsetenesta i mange år, er neste planlagde opptak for hausten 2025 føreslege utsett, og mogleg ny oppstart kan vere 2027.

Vi har forståing for NTNU sine utfordringar i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Men å setje viktige utdanningar på vent når behovet for denne type kompetanse er stor i kommunehelsetenesta, er alvorleg. Det er heller ikkje i samsvar med nasjonale føringar.

Kan det vere at NTNU, som ein del av sitt samfunnsoppdrag, ikkje ser tydeleg nok kompetansebehovet i kommunehelsetenesta når ein må gjennomføre nedskjeringar og gjere vanskelege prioriteringar?