I dag er det stadig fleire vanlege folk i Norge som har økonomiske utfordringar. Dette skuldast sterkt stigande priser, aukande renter og ei uventa mangedobling av straumprisen.

I Sykkylven delte frivillige ut matkasser til nyfattige i kommunen før jul. Det er flott at frivillige bidreg, men kva med rekningane som skal betalast etter nyttår?

Nordea i Ålesund fortel om pågang av folk som seier opp livsforsikringane sine, fordi dei ikkje lenger har råd til å behalde dei. NRK fortel at høge straumprisar gjer at kyrkjer må stenge, og at seremoniar som t.d. gravferder må flyttast.

Statsministeren gir krigen i Ukraina skulda for dei høge straumprisane.

I så fall er dette force majeure, ein ekstraordinær situasjon som krev at regjeringa set i verk tiltak som bryt med dei gjeldande avtalane og planane.

Straumprisen må ned. Elektrifiseringa må stoppast. Vi må få ein fast makspris på straumen, og det einaste rettferdige er at prisen er lik for alle. Dette hastar.

Det er foreslått ein makspris på 50 øre, men dessverre er regjeringa imot dette. Astrid Lindgren har sagt at når menneske med makt sluttar å høyre på folket, er det på tide å byte dei ut.

Den planlagde elektrifiseringa vil gjere oss 100 % vêravhengige slik at vi i vindstille og nedbørsfattige periodar må importere straum.

EU har eit folketal på om lag 450 millionar. Når EU manglar energi, blir kanskje det å importere så dyrt at vi må stenge ned industrien vår. Korleis kan Norge finne på å gjere seg så sårbart?

Norge er den einaste nasjonen som vil elektrifisere både oljeproduksjonen og bilparken. Elektrifiseringa blir gjennomført sjølv om olje- og energiministeren vedgår at behovet for elektrisitet dermed vil auke kraftig, og samtidig gi høgare straumpris. Elektrifiseringa vil gjere olje- og gassproduksjonen ekstremt sårbar.

Vi har fått beskjed om at Norge må bygge ut store vindturbinanlegg både på land og til havs for å dekke auken i el-behovet. Oljeriggane i Nordsjøen skal drivast av straum frå land.

Kor mange vindturbinar må vi bygge berre for å erstatte overføringstapa i kablane som blir lagt i havet? Det er planar om å elektrifisere Equinor sitt anlegg på Melkøya. Då må det byggast ut straumnett. Elektrifiseringa vil gjere anlegget sårbart for eventuelt straumbrot ved ekstremvêr, eller sabotasje mot straumnettet. Melkøya ligg heilt nord i landet. Energitapet i leidningsnettet blir dobla når transportavstanden blir dobla. Denne meiningslause sløsinga med verdifull energi er med på å presse opp straumprisane våre!

Vindindustrien har eit stort erosjonsproblem. Det blir hevda at ein turbin kan avgi 60 kg mikroplast årleg, likevel skal vi bygge store turbinanlegg på havet. Turbinane inneheld fleire giftige stoff. Ein artikkel frå USA fortel at bønder legg ned drifta, fordi dyra etter kvart vart sjuke av fôret frå områda der det er vindturbinar.

Turbinvingane blir utsette for ekstra stor slitasje i vårt vêrharde klima med frost, hagl og snø. NVE har laga ein vegleiar for handtering av risiko for skade ved iskast i vindkraftverka.

Det blir foreslått fareskilt og varslingsrutinar, fordi isklumpar som fell frå turbinblada kan vere livsfarlege for både folk og dyr. På nettet ser vi at det enkelte stader blir brukt helikopter for å spraye glycolblanding på turbinblada for å avise dei.

Turbinvingane må skiftast ut etter ca. 20 år. Kvar skal dei utslitne vingane deponerast? Det blir sagt at vi vil få meir ekstremvêr, og då kan umogleg vindturbinar vere det smartaste å satse på? Kva vil det koste å rydde opp etter eit eventuelt vindturbinhavari?

I Norge skal bilparken elektrifiserast, sjølv om det er åtvara om kritisk mangel på metall som kobolt, litium og nikkel til batteria i elbilane. Elbilar er ikkje eigna for norsk vinter, kulde reduserer batteria sin kapasitet. Elbilar kan ikkje bli med i kolonnekøyring over fjella i barskt vintervêr. Kommunar kjøper elbilar som heimesjukepleiarane skal bruke. Kva då om vi får straumbrot som varer over fleire døgn?

Nye fossile bilar er nesten utsleppsfrie. Kortreist vannkraft, fossilt drivstoff og gasskraftverk er ei meir berekraftig ressursforvalting enn vindturbinfelta som er planlagde.

I Noreg har vi vinter om lag halve året, og dermed eit stort energibehov. Vi bør fortsette å betale CO₂-avgiftene i påvente av meir berekraftige måtar å produsere energi på, i staden for å presse igjennom vedtak om utbyggingar som vi ikkje kjenner konsekvensane av.

Folketalet på kloden har passert 8 milliardar, i Norge er folketalet under 6 millionar. Om vi stenger ned all aktivitet i landet vil det ikkje ha målbar effekt på klimaet på kloden.

Det blir snakka mykje om klima og ekstremvêr, men det faktum at kloden snart er overbefolka blir knapt nemnt.

Forureininga aukar i takt med folkeveksten, og det blir stadig vanskelegare å dekke behova for reint vatn og nok mat. Vi importerer nesten 80 prosent av plantekosten vår, men vi veit ikkje korleis tilgangen eller prisutviklinga på importert mat vil bli i framtida.

Vannkraft er berebjelken i det norske kraftsystemet. Vi kan hente ut enda meir energi ved å modernisere og oppgradere eksisterande kraftverk. Dei nye småkraftverka blir bygde på ein måte som bevarer både naturen og elvane.

Desse småkraftverka kan vise seg å bli ein viktig del av beredskapen vår i framtida. Vi treng ikkje vindturbinanlegg som raserer store naturareal, og som krev store deponi av utslitne vingar. Vi treng heller ikkje å øydelegge natur i jakta på metall til produksjon av bilbatteri.

Naturen er vår viktigaste rekreasjonskjelde, og urørt natur vil bli stadig meir verdifull ettersom folketalet på kloden veks. Eg håper at dei som styrer forstår kor viktig naturen vår er for vanlege folk, før det er for seint.