Peder Haug kjem i Sunnmørsposten 21. februar med viktig kunnskap som forklarar den uheldige utviklinga i norsk skule. Elevar, foreldre og alle som har tanke for skulen, treng sakleg kunnskap om kva som er grunnen til det som har skjedd, og om vilkåra for at skulen skal fungere godt.

Haug presiserer at «utviklinga bryt klart med kravet i § 1–3 i Opplæringslova om tilpassa opplæring.» Dette er alarmerande: å lukkast eller mislukkast med tilpassa opplæring, er skilje mellom seier og nød. Elevar som heile tida får oppgåver som er for vanskelege, misser motivasjon for læring og reagerer etter kvart på rangsida. Så enkelt og komplisert er det.

Livet er vanskeleg nok med store og små utfordringar, om ikkje skulen i tillegg skal påføre elevane unødvendig motgong, som skaper mismot og nederlag. Korleis kom vi i denne situasjonen?

Repertoaret av arbeidsmåtar i skulen vart rikare utover 80-talet, men den tradisjonelle skulen gav ikkje rom for eit aukande behov for fleksibel organisering. I 1994 vart det innført ny arbeidstidsordning for lærarane. Det vart avsett tid til samarbeid og felles skulering. Ordninga gav større rom for pedagogisk leiing enn tidlegare.

I mange skular utløyste dette eit stort og viktig pedagogisk utviklingsarbeid. Sentralt var forståinga av grunnverdiane i skulen og samfunnet: Respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet. Aktiviteten i skulen må vere i pakt med desse verdiane.

Ut ifrå erfaring og forsking eksisterer det velutprøvd kunnskap om korleis gode læringsmiljø vert utvikla. Læraren er den påverknadskjelda som har størst betydning for elevane sine skuleprestasjonar – utover elevane sjølv og heimen. Det er derfor svært viktig å forstå lærarrolla i ein velfungerande skule.

Læraren i møte med elevane

Den gode lærar møter alle elevane med respekt. Skulen skal ha rom for alle. Derfor må læraren ha blikk for den einskilde i eit inkluderande og utviklande lærings-fellesskap. Eleven skal vere eit aktivt, ansvarleg og sosialt individ, som utfaldar seg i fridom og samspel med medelevane og ein lærarane sine.

Læraren leier elevane sitt læringsarbeid og gjennomfører opplæringa med interesse og engasjement. Læraren følgjer eleven si læring tett opp, fortel, spør, kontrollerer, repeterer, sanksjonerer, varierer og tilpassar undervisninga til eleven i alle fag.

Tilpassa opplæring er som sagt eit svært sentralt omgrep i norsk skule, og handlar om at lærestoff, organisering og arbeidsmåtar må tilpassast eleven sine føresetnader for læring. Kvar elev skal få arbeidsoppgåver som dei kan meistre, og som gir dei utfordringar. Alle elevar bør dagleg erfare meistringsglede og framgang. Læring gjennom praktiske arbeidsoppgåver er både naturleg og nødvendig i eit læringsmiljø som tek sikte på å nå eit høgt kunnskapsnivå. Alle elevar har glede av praktiske arbeidsmåtar. Dei fleste elevar lærer best gjennom praktisk læring.

Læraren som del av eit profesjonelt fellesskap

Gode lærarar er viktig, men ikkje nok for å skape gode resultat på den einskilde skule. Det kollektive ansvaret for skulens samla oppgåver er avgjerande for å lukkast. Skulen som «læraranes organisasjon» må utviklast gjennom samarbeid mellom leiar og lærar og elevar. Skuleorganisasjonar som fremmer felles læring, kunnskaps-deling, felles planlegging og evaluering, utviklar kvalitet.

Sosial kompetanse hos elevane er avgjerande for å skape gode læringsmiljø og forhindre mobbing. Elevar er ei mangfaldig samansett gruppe, fagleg, emosjonelt og sosialt. Det er viktig at dette mangfaldet vert brukt til å utvikle eit læringsmiljø som representerer toleranse, respekt, anerkjenning, kulturforståing og demokratiforståing.

I eit inkluderande læringsmiljø viser læraren respekt for elevens integritet og ulike føresetnader, skaper gode samarbeidsrelasjonar mellom elevane, og meistrar å løyse konfliktar. I eit slikt miljø lærer elevane å ta ansvar for seg sjølve og andre. Dei erfarer gleda av å få hjelp og å gi hjelp. Dei erfarer gleda av å vere ein del av fellesskapet som i lag greier å løyse oppgåvene. Dei vil erfare at menneska er ulike, men gjennom praktiske og teoretiske oppgåver, vil dei forstå at alle har verdi og er likeverdige.

Ein synleg skuleeigar

Utviklingsarbeidet utover 90-talet skapte entusiasme og vilje til forbetringsarbeid, og resulterte i mellom anna «Demonstrasjonsskular» og etter kvart «Vegleiarkorpset» på 2000-talet.

Forsking, både nasjonalt og internasjonalt, viser at det er ein klar samanheng mellom kvaliteten på undervisninga i klasserommet og skuleeigars kompetanse på læring. I sluttrapporten FoU-prosjektet «Kom nærmare» frå 2010, er konklusjonen:

«Skal skulen greie å innfri oppgåva si, må skuleeigar bli meir synleg i styring og utvikling av skulane. Det gjeld å styrke oppfølgingskulturen, pedagogisk leiing og kompetansehevinga for lærarane.» Dette var eit sentralt tema for «Vegleiarkorpset» som vart etablert i 2011. Og det var forventa at denne kunnskapen skulle leggjast til grunn for skuleutviklinga framover. Slik vart det ikkje!

Derimot har det i stor grad vore hovudfokus på testing og nasjonale prøver. Åtvaringa har vore sterk frå fagfolk. Å styre skulen gjennom læring for testing og prøving, er lite hensiktsmessig i forhold til læringsstrategiar som skal utvikle heile menneske. Det er lett å kome i ein negativ sirkel der ein heile tida skal øve til neste test. Det stressar heile skulesamfunnet, og vesentlege sider ved læringa som omfattar både den faglege og sosiale sida, vert forsømt.

I «Olympiatoppen» er dei oppteken av at resultata blir best når utøvarane har fokus på arbeidsoppgåvene og ikkje på sluttresultatet. Det er ikkje annleis i skulen.

Dei faglege resultata, auka mobbing og veksande psykiske problem hos elevane, er krevjande. Slik kan det ikkje halde fram.

Tillit til eigne evner

Pedagogisk arbeid er utfordrande og komplisert. Derfor treng vi lærarar som kan grunngi si undervisning og dei val som vert gjort. Vi treng lærarar som er reflektert og sjølvstendige i si yrkesrolle; og som er i stand til å arbeide i eit forpliktande samarbeid. Som forstår at den viktigaste av alle pedagogiske oppgåver er å formidle til barn og unge at dei stadig er i utvikling, slik at dei får tillit til eigne evner.

Hovudtanken er at menneska skal bli reflekterte og ansvarlege. Derfor må skulen møte elevane med relevante opplegg som fremmer lærelyst og deltaking.

Dersom det er nødvendig å bruke «ytre» press for å få elevane til å møte på skulen, er det ikkje mindre enn eit pedagogisk nederlag. (Men ein må sjølvsagt også ta høgde for det umogelege, og minnast på at det tek litt lengre tid.)

Eg vil understreke at Norge har mange sterke pedagogiske miljø, dyktige lærarar og rektorar. Men skal desse lykkast i lærings- og utviklingsarbeidet, treng dei trygge og gode rammer. Skulen må vurderast og rettleiast i forhold til hovudoppdraget: «Opplæringa skal ha høg kvalitet og gi den einskilde og samfunnet nødvendige føresetnader for framtidig velferd, verdiskaping og berekraftig utvikling. Alle elevar skal oppnå grunnleggande ferdigheiter og oppleve meistring og utfordring».

Gapet mellom hovudoppdraget og styrings- og vurderingssystemet er nok ein vesentleg del av oppryddingsarbeidet som står for tur. I eit læringsmiljø der ein får utvikla venskap, rettferd, respekt og omsorg, vil det vere stort rom for fagleg utvikling og lite rom for mobbing.