Trass i forsyningskrisa av gass til Europa, og Europas sitt ønskje om å raskast mogleg gjere seg uavhengig av Russisk gass, står EU fast på både Parisavtalen og «Green Deal», EU sin grøne vekstindustri og måla om «Net Zero by 2050». Parisavtalen står og fast i Noreg.

Sjølv om norsk olje- og gassproduksjon har verdas lågaste utslepp, er det desse punktutsleppa i Nordsjøen vi må dekarbonisere, om Noreg skal nå sine mål i Parisavtalen.

Strategien så langt har vore dekarbonisering ved hjelp av straum frå land, og fornybar vasskraft. Vinterens straumkrise har aktualisert at det ikkje er nok kapasitet i leidningsnettet til å elektrifisere heile Nordsjøen med straum frå land. Dekarbonisering av Nordsjøen ved elektrisk straum frå land vil krevje ei vidare massiv utbygging av verna vassdrag og urørt kystfjell landskap, og vil dermed føre til auka polarisering og til slutt eit omdømmetap for olje og gassindustrien, ein industri som kan vise seg å vere vår viktigaste aktør i det grøne skiftet.

Noreg har spesielle føresetnader for å bidra til klimaeffekt gjennom å få opp dei nye verdikjedene på hydrogen, ammoniakk og CCS (karbonfangst og lagring). Hydrogen og ammoniakk kan erstatte dagens gassturbinar, gjennom å nyttast som drivstoff og energikjelder på våre installasjonar. I kombinasjon med flytande havvind er dette verdikjeder som det hastar med å få opp og gå. Ei vidare elektrifisering av Nordsjøen med straum frå land, kan fort bli ei sovepute og ei utsetjing, ikkje ei framskunding av desse løysingane som vi treng i vår langsiktige industri og klimastrategi.

I dag er det forbrenning av gassen i gassturbinar på plattformene som gir dei co₂ utsleppa vi må redusere. Hydrogen og ammoniakk med CCS, kan erstatte dagens gassturbinar, som drivstoff og energikjelder på våre installasjonar. Dette kan skje enten ved å blande inn ammoniakk i eksisterande gassturbinar, kan bytte ut gassturbinane til turbinar som går på ammoniakk og hydrogen eller nytte hydrogen og ammoniakk i brenselceller. Dette her, samt elektrisitet frå flytande havvind kan erstatte den krafta som vi i dag får frå gassturbinar.

Teknologien i desse nye verdikjedene er meir moden enn det kommersielle. Det handlar om å føre ein aktiv industripolitikk. Noreg må sjå til UK. Grunnen til at vi har fått flytande havvind-prosjekt i Storbritannia, er at Skottland har gått inn og langt til rette for havvindprosjekta i ein oppstartsfase. UK trengte meir energi, ville ikkje ha meir atomkraft, og ville oppnå sine mål i Parisavtalen. Dei gjekk dermed for å subsidiere flytande havvind-prosjekt frå Noreg. Det er ein ønska politikk som gir effekt. No gjer Skottland det same overfor hydrogen, og fører ein aktiv industripolitikk. Noreg står foreløpig att på målstreken.

Ein aktiv industripolitikk, handlar ikkje berre om subsidiering av desse verdikjedene, men like mykje å sikre mottakarar og kundar av produkt i ein overgangsfase, så vi får opp ein marknad.

Prosjektet «Langskip» er eit godt døme i så måte. Her har vi gjennom å sikre at industribedrifter på land kan fange opp sine punktutslepp av CO₂, sikra kundar til Northern Lights-prosjektet som transporterer og lagrar CO₂ i Nordsjøen.

Ei einsidig dekarbonisering av Nordsjøen ved hjelp av elektrifisering frå land, vil ta vekk ein viktig intern marknad/drivar for å utvikle desse nye verdikjedene innan hydrogen og amoniakk med CCS, teknologiar vi sårt treng for å bygge ny eksportnæring. Delen av norsk eksport har som kjent fall drastisk etter 8 år med borgarleg regjering.

Elektrisiteten frå land som er planlagt brukt i Nordsjøen kan nyttast betre i nye industriprosjekt på land.

All ære til gode gamle kraftsosialismen, men vi må gi omgrepet kraftsosialisme nytt innhald og tørre å sleppe til ny kunnskap og kompetanse, ikkje berre svare med gårsdagens løysingar. Dekarbonisering av Nordsjøen bør skje med hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig ved elektrifisering med straum frå land.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!