Den siste tida har #Legermåleve trenda i sosiale media etter at ein ung kvinneleg lege tok sitt eige liv. Kjærasten hennar delte i etterkant ope om korleis den enorme arbeidsbelastninga og den konstante kjensla av å vere utilstrekkeleg var medverkande årsaker.

Dessverre er ikkje ein slik belastande arbeidskvardag unik for denne legen.

Legelivet

Som ein kollega så fint skreiv: «Notidas livskabal går ikkje i hop med fortida sine arbeidsvilkår». Å vere lege i dag er ikkje det same som det var for 30 år sidan.

Ein forelesar sa tidleg på studiet: «Å vere lege er ikkje ein jobb, det er ein livsstil». Denne haldninga må endrast!

Dei fleste nyutdanna legar er i ein etableringsfase, og det står ikkje lenger ei heimeverande «frue» bak kvar einaste lege. Fleirtalet av legar som blir utdanna i dag er kvinner, og med eit meir likestilt samfunn har også krava til mennene på heimebane vorte høgare.

Samtidig har samfunnet sine forventningar endra seg.

Det har oppstått eit utbreidd ynskje om å oppdage sjukdom før den i det heile tatt har gjort seg til kjenne. Overdiagnostikk og overbehandling er betydelege problem i norsk helsevesen.

Pasientane har blitt eldre, og mange fleire lever med kroniske sjukdomar. Medisinen har også hatt ei enorm utvikling i retning av auka kompleksitet og spesialiserte behandlingar.

Resultatet er eit arbeidspress som er altfor høgt! Fleire arbeidsoppgåver skal løysast på same tid som før, utan fleire tilgjengelege ressursar. Det oppstår rekrutteringssvikt i dei fleste ledd, og alle trår til litt ekstra i eit forsøk på å dekke over denne mangelen, slik at det ikkje skal gå utover pasientane.

I lengda er ikkje dette haldbart.

Helsepersonell strekkjer seg langt for å yte omsorg for andre, såpass langt at det til slutt går utover oss sjølve og dei omkring oss.

Vi vert meir utolmodige foreldre, mindre nærverande partnarar, utilgjengelege for venar og mindre rause som kollegaer. Det aukar også risikoen for feil i pasientbehandlinga. Løysinga på dette er fleire legar eller færre oppgåver, ikkje å springe fortare slik helseminister Ingvild Kjerkol oppmodar oss til.

Hamsterhjulet

For ein fersk lege er det ekstra krevjande å setje grenser og vite kva som er godt nok. Eg har sjølv fått kjenne på kor lett det er å hamne i «hamsterhjulet» etter at eg starta på mi spesialisering i allmennmedisin. «Alle andre har jo fått det til før meg, så då burde no eg og klare det».

Om 40 år vil eg ikkje sjå tilbake på legelivet, men LIVET, der jobben som lege har vore viktig, men berre ein del av heile livet mitt.

Og slik byrjar ein å tøye strikken; ein droppar lunsjen med kollegaer for å ta nokre telefonar, ventar med toalettbesøket fordi ein er forsinka til neste pasient og brukar helgar og feriar på å hente inn papirarbeid.

Undervegs unnskylder ein seg sjølv med ei oppriktig og naiv tru på at det skal bli betre ein gong der framme i horisonten; «berre eg blir meir erfaren», «berre borna blir eldre» eller «berre eg blir ferdig med spesialiseringa». Men så blir det kanskje aldri betre, fordi det er noko grunnleggande feil med rammene og ikkje meg.

Tidsbrukundersøkinga frå 2018 synte at ein fastlege arbeider i snitt 55,6 timar i veka. Arbeidskvardagen vår inneheld stor grad av uføreseielege hendingar og hyppige samtidskonfliktar.

Ein studie frå AHUS publisert i 2015 viser at ein lege tek i snitt 13 avgjersler i løpet av ein sjukehuskonsultasjon. Overfører vi dette til ein fastlegekvardag, kor vi omstiller oss til ein ny pasient kvart 15.-20.minutt, forstår dei fleste at arbeidet vårt kan vere krevjande.

Vi er også ganske sårbare som fastlegar.

I dei fleste situasjonar står vi åleine som einaste lege. Ein fastlege i distriktet har 23 gongar så høg risiko for å få refs frå statsforvaltaren som ein sjukehuslege. Klart dette ligg i bakhovudet etter ei hektisk legevakt som krev mange raske vurderingar, alltid med ein viss grad av uvisse.

Berekraft for framtida

Det trengs ei handlekraftig regjering som innfører berekraftige tiltak for å sikre betre arbeidsvilkår for legar, stabil tilgang på helsetenester og forsvarleg pasientsikkerheit.

Vi treng ikkje fleire utgreiingar eller rapportar. Vi treng politikarar som faktisk set seg ned og lyttar til oss som jobbar i det offentlege helsevesenet, og som ser til forsking etter løysingar.

Ikkje spør fleire økonomar om råd, spør fagfolk. Vi treng leiarar som inviterer til dialog, overheld vernereglar og legg til rette for den enkelte lege i fasar av livet som kan opplevast meir belastande enn andre. Og ikkje minst må vi legar slutte å dekke opp for den auka arbeidsmengda og dei manglande kollegaene - vi maskerer berre problemet og slit oss sjølve ut på vegen.

Løysinga er ikkje nødvendigvis berre å redusere talet på arbeidstimar, men vel så mykje om innhaldet, tempoet og forventningane i løpet av desse timane. Det må finnast tid til å ta seg ei dopause, ete lunsj, spørje ein kollega om råd når ein er usikker, ha debrief etter større hendingar og kunne halde seg oppdatert fagleg.

Arbeidsdagar utan tid til dette må heller vere unntaket enn regelen.

Nokre vil sikkert påstå at vi legar ropar «ulv, ulv» - at ein har høyrt om fastlegekrisa og spesialistmangel lenge. Men no bør det verkeleg bekymre oss alle. Skjer det ikkje ei endring raskt nok, vil det om nokre år ikkje lenger vere dei beste fagfolka som jobbar i det offentlege helsevesenet.

Eit sterkt offentleg helsevesen som fungerer både for pasientar, pårørande og dei som jobbar der, er dyrt, men berekraftig. Det vil garantert betale seg i lengda å ta den kostnaden - både for kvaliteten på pasientbehandlinga, arbeidsmiljøet i helsevesenet, beredskapen og samfunnet vårt.

Eg er lege, men først og fremst Veronica; mamma, kjæraste, dotter, venninne, kollega, overambisiøs hobbydame, friluftsentusiast og så mykje meir enn berre lege. Om 40 år vil eg ikkje sjå tilbake på legelivet, men LIVET, der jobben som lege har vore viktig, men berre ein del av heile livet mitt.