Tidleg på 90-talet var ikkje klima så veldig oppe som sak, sjølv om IPCC hadde vorte etablert nokre år tidlegare.

Då var det ozon som var gjaldt. Ein hevda at CFC-gassar reiv sund ozonlaget, slik at sola ville brenne kloden. Isen ville tine og havet ville stige. Ikkje rart med bekymringa for slike åtvaringar viss ein ikkje sette seg inn i saka litt meir enn vi vanlege folk. Så i mange år kjøpte eg denne.

Utover mot tusenårsskiftet vart det hevda at vi var i ferd med å reparere ozonlaget ved å forby desse gassane. Det vart utvikla nye kjølemedium som skulle vere mindre øydeleggjande for ozonet. Nye brannsløkkjegassar vart tekne i bruk, m.m.

På starten av 2000-talet vart det meir fokus på CO₂ og klima.

Desse åra la eg merke til Per Engene frå Telemark som ofte skreiv lesarinnlegg i avisene. Desse innlegga tykte eg var svært interessante, sjølv om eg den gongen ikkje hadde noka klar meining om denne saka.

Eg vart eg meir og meir interessert i dette, så eg las alt eg kom over av slikt. Det var eit diskusjonsforum på Nettavisen, der eg fann mange diskusjonar om dette. Det var lærerikt.

Kring 2006 kom ein rapport frå ein russisk solforskar som heiter Oleg «Eitt eller anna». Han hevda den gongen at sola var på veg inn i ein dvale, som ville føre til kaldare ver. Han hevda at kring 2040 vil vi vere inne i ei istid, der heilårsisen vil ligge så langt sør som Berlin. Dette høyrest ekstremt ut og eg trur ikkje det er mange vitskapsfolk som trur det vert så ekstremt. Men dei fleste forskarar er i dag samde om at solsyklusane framover vert svært svake. Kor mykje dette vil få å seie for den globale temperaturen er det stor usemje om. Men usemje er det som driv vitskapen framover. Semje er ikkje vitskap, det er politikk.

I 2007 vakna eg skikkeleg. Nobels fredspris vart gjeven til Al Gore og IPCC sin leiar Rajendra Pachauri. Dette kan dei ikkje meine seriøst tenkte eg, men det gjorde dei. Dette på bakgrunn av ein film med fæle skremsler – «An inconveniant thruth».

På same tid kom det ei bok, «Klimaet, vitskap og politikk» skriven av Per Engene og ein svensk lærar i organisk kjemi og miljøvernteknikk, Göran Tullberg.

Her vert det beskrive på lettfatteleg vis korleis klimaet verkar. I alle fall så langt ein kan forklare i dag. Det vert og forklart heile kretsløpet til CO₂ og andre gassar. Den som ynskjer kan kjøpe boka og lese. Svært interessant. Det vert tilvist til alle kjeldene dei har brukt. Men eg tykkjer det er eit sitat som er ganske beskrivande: «Dei uttrykkjer seg på ein måte der dei trur at klimaet vårt er ein ball som ligg oppe på ein fjelltopp. Og så får det ein skubb og då rasar ballen ned i dalen. Men verkelegheita er at denne ballen ligg nede i dalen og så får den ein skubb og då rullar den eit lite stykke opp fjellsida, men så trillar den ned att i dalen og vert liggjande i ro» (Klimaet fann med andre ord ein ny balanse).

På den tida med dette diskusjonsforumet i Nettavisen vart eg merksam på ein Richard S. Lindzen. Han var professor ved eit av dei viktigaste meteorologiske institutta i verda, «The Alfred P. Sloan institute of meteorology» ved MIT. Lindzen er spesielt ekspert på atmosfærisk fysikk, noko som er svært viktig for ver og klima her på jorda. Han har også god kontakt med folk som forskar på dei tropiske stormane og orkanane i Atlanterhavet.

Han har kome med mykje interessant om klimaendringar, men han bestrider at CO2 har noko nemneverdig med saka å gjere. Han har også vore hovudforfattar av ein av rapportane til IPCC, men trekte seg frå der då han såg korleis dei vrengde på alle forskingsrapportane.

Det var Lindzen som kom på teorien om at lav solaktivitet fører til at magnetfeltet frå sola skjermar dårlegare mot kosmisk stråling. Dette fører til at desse strålane dannar aerosolar, der vassdamp kondenserar og dannar grunnlaget for vassdropar og så dannar det seg skyer. Dette, ved sida av mindre varme frå sola fører til kaldare ver på jorda. Dette vart testa i eit stort forskingssenter i Sveits. CERN, leia av den danske vitskapsmannen Henrik Svensmark som sto for prosjektet. Det viste seg å stemme.

Seinare har professor ved NTNU Ålesund, Harald Yndestad skrive at månen også har sine syklar. Desse syklane kjem av og til i fase med solsyklane og då samarbeider desse. Men av og til kjem dei i motfase mot sola og då arbeider dei mot kvarandre. (No forstår ikkje eg verken alt eller halvt av dette, men likevel trur eg at det kan stemme).

Dette som Yndestad skriv er også relevant for temperaturen vår. Han skriv at rundt 2070 vil vi vere inne i ei tid som kan samanliknast med «Den lille istid», som varde frå midt på 1300-talet til midt på 1800-talet. I desse 500 åra varierte sjølvsagt temperaturen mykje, akkurat som elles, men det var særleg to djupe kuldeperiodar, «Maunder Minimum» (1645–1715) og «Dalton minimum». (1790-1830). Denne tida var ei tragisk tid for alle land og samfunn, med matmangel, krig og anna elende. Ein kan lese om dette mange stader, men eg kan anbefale ei bok av Ole Humlum «Det ustyrlige klima» frå 2009. Der er mykje godt stoff om den vesle istida.