Bileta viser kolonien dekka av fargerikt plastsøppel som fuglane har funne flytande på havoverflata og brukt til reirmateriale. Runde Miljøsenter, lokale ornitologar, og naturfotografar har følgt dette i mange år og blir stadig minna på det store problemet plastforureining utgjer i havet. Dei få havsulene som set seg fast i reirmateriale er berre ein liten del av alle dei tusenvis av fuglane og dyra som set seg fast i spøkelsesgarn og anna marint avfall.

Alle bedrifter, fylke og kommunar burde ha ein nullvisjon om søppel på avvege

Samansette grunnar

Likevel er havsula ei av særs få artar som har hatt ei positiv auke i bestanden på Runde i løpet av dei siste åra. Dette fekk derimot eit tilbakeslag i fjor då havsula var ein av fugleartane som blei hardast råka når fugleinfluensa spreidde seg i heile Nordsjøen. Akkurat kor hardt dette har påverka populasjonen på Runde finn vi ut av framover frå dyktige ornitologar som driv overvaking av fuglefjellet. Dei fleste andre fuglane på Runde som lunde, krykkje, havhest, osb. går det diverre dårlegare med av ei rekkje samansette grunnar som ikkje blir gått inn på i dette innlegget.

Den største skada av marin forsøpling på fugl og marine pattedyr skjer på ope hav, der dei lett kan mistolke søpla for mat eller vikle seg inn i den. Sjølv om det å setje seg fast i plast i reiret er ei forferdeleg skjebne for den enkelte havsule, utgjer nok dette lite merkbar forskjell i det store bilete. Likevel er plasten i havsulekolonien eit sterkt verkemiddel som vi håpar kan føre til bevisstgjering og handling i kampen mot marin forsøpling.

Unngå plast i havet

Kva kan vi so gjere med dette problemet? Først og fremst må vi unngå at meir plast hamnar i havet. Dette kan du som enkeltperson bidra til ved er å redusere forbruket ditt, snakke om problemet til andre, påverke politikarane til å forbetre avfallshandteringa og arbeide mot ein meir sirkulær økonomi, og so klart kaste søpla dit den skal. Det nest viktigaste vi kan gjere er å plukke opp det søppelet som allereie har hamna i naturen.

Ifølgje ei undersøking gjort av Hold Norge Rent so har halvparten av befolkninga deltatt på strandrydding, nokon berre ein gang medan andre har det som hobby. Spesielt for Møre og Romsdal er at vi har Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal. Alle i fylket som er engasjerte i marin forsøplingsproblematikken, alt ifrå ivrige strandryddarar til du som akkurat har oppdaga problemet, er hjarteleg velkomne inn i nettverket for faglege samlingar og diskusjonar.

Eit felles samfunnsansvar

Kampen mot marin forsøpling er eit samfunnsansvar og det kan ikkje løysast av privatpersonar aleine. Det har blitt vist gang på gang at den aller største delen av søppelet man finn kan bli spora tilbake til næringslivet. Alle bedrifter, fylke og kommunar burde ha ein nullvisjon om søppel på avvege og ein strategi for korleis jobbe for å nå denne visjonen. Vi vil og sterkt oppfordre alle som kan, å arrangere ein ryddeaksjon i lag med jobben då dette ofte er ei oppsiktsvekkande oppleving.

Vil du kome i gang med strandrydding på eigen hand og ikkje veit kor du skal starte, kan du ta kontakt med Runde Miljøsenter og/eller Sunnmøre Friluftsråd. Vi er meir enn glade for å assistere med gode råd, utstyr og mykje meir.

Sjølv om bevisstgjeringa rundt marin forsøpling har auka betydeleg dei siste åra, er problemet framleis aktuelt, noko fuglefjellet illustrerer godt. Det er difor eit viktig arbeid naturfotograf Roger Brendhagen gjer med å spreie bilete og bodskapen slik flest mogleg kjenner på ansvaret.