«Arveproblema» vart løyst med tre avtalar: 1.)Ein avtale i 1994 mellom USA, Storbritannia, Russland og Ukraina som innebar at Ukraina gav frå seg atomvåpena i byte mot tryggleiksgarantiar. 2.) Ein avtale i 1997 mellom Russland og Ukraina om deling av marineflåten i Sevastopol og russisk leige av baseområde, og 3.) Ein avtale i 1997 om venskap, samarbeid og partnarskap mellom dei to landa.

Strategisk balanse

Då Polen, Romania og Bulgaria vart medlemmar av både Nato og EU i perioden 1999-2007, gav det inspirasjon til dei ukrainarane som ville lausrive Ukraina frå Russland sin dominans, knyte landet til Vesten og få slutt på korrupsjonen. USA støtta både «oransjerevolusjonen» 2004–05 og Maidan-opprøret 2013–14.

Forhandlingar med EU starta i 2005, og frå 2008 med mål å inngå ein assosieringsavtale. USA ville i 2008 ta opp Ukraina som kandidatland i Nato. Russland protesterte, fordi dei meinte det ville øydelegge den strategiske balansen i regionen. Europeiske Nato-medlemmar ville unngå å provosere fram ei ny krise med Russland, og fekk utsett spørsmålet i 2008.

Tok til gatene

Ukraina valde i 2010 ein president som ville utvikle samarbeidet både med Vesten og Russland. I 2012 underteikna Ukraina ein frihandelsavtale med Russland og andre tidlegare Sovjet-republikkar. Då assosieringsavtalen med EU var klar til underteikning i desember 2013, sa presidenten likevel nei. Han ville i staden at Ukraina, Russland og EU skulle møtast for å drøfte handelsspørsmål. Russland sa ja, EU sa nei.

Ukrainarar i vest tok no til gatene. I Kyiv utvikla protestane seg til valdeleg opprør, som enda med at presidenten flykta til Russland i 2014. Russiske ukrainarar aust i landet mobiliserte mot det dei meinte var ulovleg avsetting av presidenten og okkuperte administrasjonsbygningar i Donetsk og Luhansk. Ukrainske militærstyrkar greip inn. Russland støtta dei russiske separatistane med soldatar og våpen og tok i 2014 militær kontroll over Krim, arrangerte folkeavstemming og erklærte anneksjon. Russland si grunngiving for den militære intervensjonen var å verne liva til russiske borgarar på Krim og andre stadar i Ukraina.

Mangla tyngre våpen

Fredsforhandlingar i regi av OSCE i 2014–16 førte fram til Minsk-avtalane og ei skisse til løysing på konflikten i aust. Ei lovendring skulle sikre Donetsk og Luhansk spesielt sjølvstyre. Ukraina ville heller krige for å jage dei russiske styrkane ut, men dei mangla tyngre våpen.

Ukraina si nasjonalforsamling vedtok i 2017 ei lov som stadfesta at medlemskap i Nato var eit strategisk utanrikspolitisk og forsvarsmessig mål. Ukraina varsla i 2018 at dei ville trekke seg frå traktaten om vennskap, samarbeid og partnarskap mellom Russland og Ukraina, med effekt frå mars 2019. Endeleg stadfesta Ukraina si nasjonalforsamlinga i 2019 gjennom grunnlovsendring, at Nato-medlemskap er Ukraina sitt mål. Det gav USA garanti nok.

Den amerikanske kongressen løyvde 391 mill. dollar i militærstøtte til Ukraina for utbetaling i 2019. Storbritannia hadde drive opplæring av ukrainske soldatar i hæren i fleire år, no starta dei opplæring også i marinen.

Avslutta fredsdiplomatiet

Zelenskyj vart vald til ny president i Ukraina i 2019 og i desember same året møtte han Putin, Macron og Merkel til fredsforhandlingar i Paris. Han slo fast at alle russiske militærstyrkar måtte ut av Ukraina, før Ukraina kunne vedta lov om delvis sjølvstyre i Donetsk og Luhansk. Han avslutta dermed fredsdiplomatiet. No var konflikten i hendene på militærvesenet. USA og Storbritannia var forplikta på avtalen frå 1994, gevinsten var militærbasar og ressursar.

USA annonserte fleire nye militære støttepakkar til Ukraina i 2020 og 2021, til saman på 535 mill. dollar. I 2020 annonserte Storbritannia auka støtta til den ukrainske marinen, som inkluderte bygging av nye marinefartøy, etablering av ein ny marinebase for Ukraina i Svartehavet og ein ny marinebase i Asovhavet. Grunngivinga var at europeisk og britisk tryggleik var avhengig av denne støtta. I august 2021 underteikna USA og Ukraina ein avtale om strategisk partnarskap, der USA støtta Ukraina sitt mål om å bli Nato-medlem.

Fullskala invasjon

Hausten 2021 samla Russland ein stor militærstyrke på grensa mot Ukraina. USA løyvde ytterlegare 200 mill. dollar i militærstøtte. Russland gjorde ein siste freistnad på diplomati. Dei kravde i brev til USA og Nato i desember 2021 respekt for landet sine tryggleikskrav, mellom anna stadfesting av at Ukraina ikkje ville bli Nato-medlem. Kravet vart avvist av USA og Nato i januar 2022. USA varsla ein føreståande russisk invasjon.

Den 24. februar 2022 invaderte ei lang russisk militærkolonne Ukraina. Vesten kalla det ein uprovosert, fullskala invasjon for å utrydde Ukraina som stat. Putin kalla det ein militæroperasjon for å få slutt på krigen. Han satsa kanskje på at leiarane i Kyiv, og deira støttespelarar i Vesten, heller ville forhandle fram fred, enn å påføre Ukraina ein langvarig krig med tap av titusenvis av liv og store øydeleggingar. Putin feilvurderte, militæroperasjonen mislukkast. Russland har sidan kriga for å halde på områda i Ukraina der dei russiske ukrainarane bur.

Forhandlingar må til

Den russiske marinebasen i Sevastopol på Krim har vore viktig for Russland sin tryggleik i 240 år. Nato-medlemskap for Ukraina vil opne for at USA kan overta Sevastopol og etablere andre amerikanske militærbasar i landet, slik dei har for vane. Det er truleg like uakseptabelt for Russland, som ein kinesisk militærbase på Cuba ville vere for USA.

FN-pakta er klar: «Alle medlemmar skal løyse sine internasjonale tvistar med fredslege middel og på ein slik måte at internasjonal fred, tryggleik og rettferd ikkje vert sett til sides.» Dersom det skal bli fred i Ukraina, må både Ukrainas og Russlands tryggleik respekterast, og det kan berre oppnåast i forhandlingar.