– Har Ålesund fått til noko som Molde kan sjå til og lære av? – Ja! Og for å presisere det: Det er kommunane det er tale om, og det gjeld språkpolitikk.

Det største og viktigaste som har skjedd på målfronten her i fylket siste tre åra, er opprettinga av nynorskkommunen (nye) Ålesund. Korfor og korleis har det skjedd? Kommunesamanslåing med nynorske nabokommunar er hovudårsaka. Då Ålesund var på friarferd i 2018, annonserte kommunen på nynorsk. Det hadde ikkje skjedd før. – Men var dette eit so stort skifte for hovudstaden på Sunnmøre? Bykommunen var jo språknøytral med mykje nynorsk kring seg og nokså mange nynorskbrukarar frå gammalt av.

Har vore bokmålspraktiserande

Realiteten var likevel at Ålesund hadde vore og var ein bokmålspraktiserande kommune fram til 2019. Svært mange var ikkje klar over at kommunen formelt var språknøytral. Nynorskbrukarar som vart tilsette i kommunen, skifta målform fordi ein trudde det var det ein skulle gjere. Det var det knapt nokon som stilte spørsmål ved. Slik er det når eit språk har hegemoni. – Kan dette ha skjedd i Molde òg? Det har det.

Med samanslåingsprosessen fekk vi ein heftig og omfattande språkdebatt – skikkeleg hissige innlegg om kor ille det ville bli med nynorsk. Men kva har skjedd? Det har roa seg. Nynorsken truar ikkje bokmålet, slik somme hadde førestilt seg. Det positive er ein kunnskapsauke og ei bevisstgjering alle har nytt godt av. Ikkje noko tap for Ålesund-samfunnet, snarare ein forløysar. Mange som trudde dei ”måtte” skrive bokmål, oppdaga no nynorsk på nettsider, brosjyrar, plakatar og skilt, skjønte at det er ’lov’ å praktisere nynorsk og vart trygge i språket sitt. Slik kan det gå når språk blir tematisert og uuttalte førestillingar får seg ein knekk.

Det ligg grundig, omfattande og målretta arbeid bak, skikkeleg tett lagarbeid, kursing, kollegahjelp, øving og gode vedtak. Og under det heile ligg ein positiv vilje om at dette skal vi greie! Det starta med eit språkvedtak 12.12.19, dvs. at kommunen ber om nynorsk frå staten. Språkdiskusjonar i førevegen, naturlegvis. Det må poengterast at det er politikarane som bestemmer og som må gå i bresjen og vise vilje i den politiske prosessen. So utarbeidde eit utval ein språkbruksplan, vidare følgde høyringsprosessar og endeleg vedtak i kommunestyret 3.12.20. Ein plan for klarspråk og regulering av bokmål og nynorsk. Det blir lagt vekt på å bruke eit levande og godt språk forankra i lokale dialektar, og ei satsing på at språket skal vere samlande og bidra til kulturbygging. Og det har vist seg at bokmålsbrukarane ikkje har noko å frykte. Nynorsken er ikkje ein trugsel for bokmålet. – Og Ålesund fekk skryt frå mange hald. I 2019 vart prosjektet ”nye Ålesund kommune” tildelt prisen for ”Årets nynorskkommune” av Språkrådet.

Kva kan Romsdal lære?

Kva kan Romsdal med kommunane Rauma, Molde og Hustadvika lære av dette? Punkt 1: Sette språk på sakskartet. 2. Diskutere korleis ein utviklar ein betre, meir opplyst og språkmedviten språknøytral kommune, dvs. tospråkleg kommune? 3. Ålesund har ei oppskrift på framgangsmåten for den kommunen som vil heve kompetansen, skape større språkforståing og fjerne fordommar. 4. Med ein språkbruksplan kan kommunane betre etterleve intensjonane i den nye språklova og m.a. ta eit særskilt ansvar for å fremje nynorsken. – Språkrådet er dessutan heilt tydeleg på dette – og har i to omgangar (2019 og 2022) – sterkt oppmoda Molde kommune om å planfeste språkarbeidet i den nye kommunen.

Meir positive

Politikarane som skal vedta dette, ser ut til å vere meir positive enn administrasjonen. Det gir håp. Språkpolitikk er del av politikken, og det er opplysande og bevisstgjerande med kunnskapsformidling og ordskifte. Sentrale problemstillingar er: Privat eller offentleg språkbruk? Tvang eller forventa kompetanse? Betyr nøytral ’bokmål’ eller ‘reelt tospråkleg’?

Kommunar som Rauma, Hustadvika og Molde har mange nynorskbrukarar, mange nynorskelevar på nynorskskular og skriftmålstradisjonar som tilseier at kommunane må ta ansvar i tråd med språklova. Men per dato er ikkje dette tilstrekkeleg forstått eller godteke i den administrative leiren.