Barn som ikkje har det bra på skulen, har rett på å få hjelp. Slik hjelp må dei få så tidleg som råd, før problema blir endå meir alvorlege.

Rett tiltak til rett tid er avgjerande for den enkelte elev og for skulemiljøet.

Dessverre kjem tiltaka for ofte for seint, og nokre kan gjere alt verre.

Heldigvis er skulen ein god stad å vere for dei aller fleste. I internasjonal samanheng er trivselen i den norske skulen høg.

Rapportar frå statsforvaltarane og frå mobbeomboda syner likevel at vi skulen langt frå er ein trygg stad for alle.

Sakene som blir rapportert til desse er fleire enn før, og mange skular er framleis usikre på korleis dei skal handterast.

I ni av ti saker som er meldt til statsforvaltarane er det funne brot på aktivitetsplikta, altså plikta til å undersøkje og setje inn eigna tiltak.

Hos Mobbeombodet i Møre og Romsdal er talet på saker nær dobla sidan etableringa i 2018.

Mobbeombodet sin årsrapport er lagt fram for fylkestinget denne veka. I rapporten blir det fortalt om manglar i rutinar og planar, tapt tillit og for lite omsyn til barnet sitt beste i saksbehandlinga.

Kvar femte av dei snart 100 sakene som Mobbeombodet har mottatt det siste året, handlar om ufrivillig skulefråvær. Slike saker kan skuldast mobbing eller utrygge relasjonar med medelevar eller lærarar.

Dette kan vere vanskelege saker å løyse.

Mobbeombodet syner til at tiltaka ofte kjem for seint og ikkje får ønska effekt. Tilsette og leiarar i skulen føler dei manglar kunnskap.

Eit oppsiktsvekkande utslag av dette er at skular feilaktig har sendt bekymringsmelding til barnevernet. Det har skjedd i halvparten av desse sakene.

Dette er alvorleg og i strid med meldeplikta.

Skulane skal melde frå ved mistanke om omsorgssvikt. Unødvendige meldingar til barnevernet kan derimot auke konfliktnivået mellom heim og skule og gjere det vanskelegare å få til gode løysingar for barnet.

Ufrivillig skulefråvær råkar så mange som 3,6 prosent av alle elevar frå 6. til 10. trinn. Årsakene til at ein elev ikkje klarer å vere på skulen kan vere mange, og dei kan variere mykje frå elev til elev.

Dette er difor krevjande saker å finne ut av og løyse også for skulen.

Feil og avvik kan oppstå, men målet må vere å gjere desse så få som mogeleg. Det er difor viktig å etablere gode rutinar, god kompetanse og tydelege planar.

Det må vere eit klart ansvar for skuleeigar å ha dette på plass – til barnas beste.