Jula er ei annleis tid. Julehøgtida er ei tid for fellesskap og samvær og ei tid der vi kan unne oss noko ekstra. Slik er det ikkje for alle.

Jula er også ei tid for store kontrastar.

I det skarpe skinet frå julelysa kjem skilnadar klarare fram. Skilnaden mellom fellesskap og utanforskap. Skilnaden mellom rik og fattig. Denne jula fortel oss at desse skilnadane har vorte større enn før.

Dyrtid og kraftig renteauke har sett spor i privatøkonomien til folk. Inflasjonen har bite seg fast lenger enn dei fleste såg føre seg vinteren for to år sidan då straumprisane for alvor byrja å stige.

Vi har fått ei krise som har blitt stadig breiare og stadig djupare. Dei to siste åra har det vore eit betydeleg fall i økonomisk tryggleik for store delar av befolkninga.

Dei fleste har fått dårlegare råd. Uttrykket «å stramme inn livreima» har fått ny aktualitet. I eit samfunn prega av overflod og overforbruk er det ikkje sikkert vi har så vondt av å dempe forbruket og tenkje meir over kva vi brukar pengane på.

For eit raskt veksande mindretal er utviklinga meir alvorleg enn som så. Krisa råkar ikkje rettvist. Tvert om. Dyrtid skapar auka økonomiske og sosiale kløfter i samfunnet. Dei som frå før sleit mest, har fått det endå tøffare.

Talet på fattige husstandar har auka kraftig dei siste to åra. For desse handlar det ikkje berre om å stå på sidelina i kjøpefesten før jul, men at dei strevar med å klare utgiftene til det aller mest naudsynte.

Til husrom. Til klede. Til nok mat på bordet.

Jula feirar vi til minne om ein som kom til verda i dei aller mest fattigslege kår, fødd i ein stall av foreldre som måtte flykte frå heimlandet med barnet sitt. Om ikkje anna, så bør denne delen av julebodskapen gi oss grunn til ettertanke.

I dei veksande matkøane i overflods-Norge finn vi også mange som er på flukt. Mange av dei har flykta frå krigen i Ukraina.

Vi ser også ein ny type fattigdom der barnefamiliar med inntekt må ha hjelp for å ha nok mat på bordet. I ei undersøking som Frelsesarmeen har fått utført svarar kvar tiande barnefamilie at dei hoppar over måltid i jula for å klare seg.

Alvoret strekkjer seg lengre og stikk djupare enn den utanforskapen altfor mange kjenner på i jula. Dette noko anna enn at vi må stramme inn livreima i ein økonomisk dugnad i ei forbigåande krise.

Her gjeld det ei utvikling der fleire – ikkje færre, må leve i fattigdom. Ein fattigdom som bit seg fast. Eit samfunn med meir utanforskap, større skilnadar og veksande kløfter.

Lar vi dette berre skje, taper vi ein av dei viktigaste verdiane i det norske samfunnet. Då får vi eit fattigare samfunn.